Marian Keyes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marian Keyes

Statsborgarskap Irland
Fødd 10. september 1963 (60 år)
Limerick
Yrke skribent, diktarjurist
Språk engelsk
Nettstad http://www.mariankeyes.com/

Marian Keyes (fødd 10. september 1963) er ein populær irsk forfattar, sett på som ein av grunnleggjarane av forteljingar som handlar om unge, einslege, yrkesaktive kvinner, på engelsk kalla «chick lit». Sjølv om verka hennar ofte er rekna som komediar, kan dei ta opp mørke tema som alkohol- og narkotikamisbruk, mentale lidingar, vald i parfohold og skilsmisse.

Den første romanen hennar, Watermelon, vart utgjeven i Irland i 1995. Seinare har ho gjeve ut sju andre romanar og to samlingar faglitteratur, og bøkene hennar er omsette til 32 språk og selde i over 22 millionar eksemplar.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Marian Keyes vart fødd i Limerick i Irland, og voks opp i Dublin. Ho tok ein juridisk eksamen ved University College Dublin, drog så til London der ho først fekk arbeid som servitør, seinare som bokhaldar. Der byrja ho å skriva noveller, men fekk ikkje desse utgjevne, utgjevaren ville heller at ho skreiv ein roman. Ho skreiv då romanen Watermelon (Vannmelon), og karrieren som forfattar var i gang.

Keyes har skrive ope om problema sine med depresjon,[1] som tidvis har gjort det umogleg for henne å sove, lese, skrive eller tale.[2]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • Watermelon (1995) (på norsk: Vannmelonen, Egmont bøker, ISBN 82-04-07338-0)
  • Lucy Sullivan is Getting Married (1996) (Denne romanen er blitt ein fjernsynsserie).
  • Rachel's Holiday (1998) (på norsk: Rachels ferie, Damm, ISBN 978-82-04-15037-0)
  • Last Chance Saloon (1999) (på norsk: De desperates café, Damm, ISBN 82-04-09798-0)
  • Sushi for Beginners (2000) (på norsk: Sushi for nybegynnere, Damm, ISBN 82-04-09691-7)
  • Angels (2002) (på norsk: Engler i LA, Damm, ISBN 82-04-10666-1)
  • The Other Side of the Story (2004) (på norsk: En sak har alltid tre sider, Damm, ISBN 978-82-04-12462-3)
  • Anybody Out There? (2006) (på norsk: Er du der ute?, Damm, ISBN 978-82-04-12473-9)
  • This Charming Man (2008) (på norsk: For god til å være sann, Cappelen Damm, ISBN 978-82-02-28897-6)
  • The Brightest Star in the Sky (2009)
  • Mammy Walsh's A-Z of the Walsh Family: An e-book Short (2012)
  • The Mystery of Mercy Close (2012) (Helen Walsh)
  • The Woman Who Stole My Life (2014)
  • The Break (September 2017)

Faglitteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Under the Duvet (2001)
  • Further under the Duvet (2005)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bates, Daniel (6 January 2010). «Marian Keyes apologises to fans for crippling depression which has left her unable to sleep, read, write or talk». Daily Mail (London). 
  2. Keyes, Marian (14 September 2012). «My midlife meltdown: MARIAN KEYES tells terrifying story detailing the reality of a breakdown». Daily Mail (London). Henta 15 December 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]