Marianne Heske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Marianne Heske (fødd 21. februar 1946) er ein norsk kunstnar frå Ålesund. Heske er kjend for å ha utvikla installasjonar innan videokunst og samtidskunst. Ho var tidleg ute til å nytta videofilm innan kunst.

Store delar av oppveksten budde Heske mykje i Tafjord der faren var direktør ved kraftverket,[1] og derifrå har ho henta inspirasjon til mange av kunstverka. Med Installasjonen Ras frå 1993 tok ho utgangspunkt i Tafjord-ulukka. Kunstverket er eit videomåleri på sandblåste aluminiumsplater og 1001 dokkehovud av krystall. I Prosjekt Gjerdeløa frå 1980 flytta ho ei lita treløe frå Tafjord til Georges Pompidou-senteret i Paris, og stilde ut løa som eit kunstverk.

verdsutstillinga i Hannover i 2000 var Noreg representert med ein installasjon av Marianne Heske. Ein stilisert kopi av Steinsdalsfossen var ein viktig del. Denne «fossen» var 15 meter høg.

Heske vart statsstipendiat frå 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kunstneren som flytter fjell», Dagbladet, 15. april 2000, side 60.