Marianne Pettersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Marianne Iren Pettersen (fødd 12. april 1975) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Oslo. Ho vart olympisk meister 2000 og verdsmeister 1995 med Noregs landslag. Pettersen var ein kvikk midtspiss med rimeleg god teknikk.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Pettersen utmerkte seg i Gjelleråsen IL på nivå 2 i seriefotballen. Etter eit gjesteår i toppserien med Gjelleråsen, melde ho seg inn i topplaget Asker. Med Asker vart ho seriemeister både i 1998 og 1999 og cupvinnar i 2000. I 1998 skåra ho heile 36 seriemål, ein unik prestasjon i den norske toppserien. Våren 2002 var Pettersen i England med om å vinne FA-cupen for kvinner, då som Fulham LFC-spelar. Sidan var ho atter aktiv i Asker. Då ho la opp hausten 2007 hadde ho skåra 140 mål i den norske toppserien, fleire enn nokon annan kvinne-spelar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Pettersen fekk sin landslagdebut hausten 1994. I VM-finalen 1995 på Råsunda stadion i Stockholm skåra ho det andre målet då Noreg vann 2-0 over Tyskland. Same sesongen sette ho norsk landslagsrekord med sine seks fulltreffarar i ein kamp mot Slovakia. Året etter vann Pettersen ein bronsemedalje under Sommar-OL 1996 i Atlanta, etter at Noreg slo Brasil 2-0 i bronsefinalen, ein kamp ho såg frå reservebenken. Pettersen var ein av tre toppskårarar i Fotball-EM 1997, ei turnering der ho stod for 4 fulltreffarar, utan at Noreg kom seg vidare frå gruppespelet. Hausten 2000 spelte ho i OL-finalen mot USA, til dess vart bytta ut med Dagny Mellgren i det 83. minutt, spelaren som avgjorde kampen 12 minuttar ut i ekstraomgangen. Pettersen deltok også Fotball-VM 2003. I sine 98 landskampar i tida 1994–2003 skåra ho 66 mål, framleis norsk landslagsrekord i 2019.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Olympisk meister: 2000 for Noreg
  • Verdsmeister: 1995 for Noreg
  • OL-bronse: 1996 for Noreg
  • Seriemeister: 1998 og 1999 med Asker
  • Noregsmeister: 2000 med Asker
  • Engelsk ligameister: 2002 med Fulham FC
  • Engelsk cupmeister: 2002 med Fulham FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]