Marianne Sivertsen Næss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marianne Sivertsen Næss
Marianne sivertsen Naess.jpg
Fødd28. mars 1974 (48 år)
Hammerfest
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Marianne Sivertsen Næss (fødd 28. mars 1974) er ein norsk lærar, byråkrat og politikar frå Hammerfest. Ho er sidan 2021 stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Finnmark fylke.

Næss har vore avdelingsleiar ved Finnmarkssykehuset i Hammerfest og rektor ved den vidaregåande skulen i Hammerfest. Ho var ordførar i Hammerfest kommune frå 2019 til 2021. Ved stortingsvalet 2021 var ho partiet sin andrekandidat i Finnmark, innvald til Stortinget med god margin. På Tinget vart ho medlem i Energi- og miljøkomiteen. Etter komiteleiaren, Terje Aasland, vart utnemnd til statsråd i Støre-regjeringa, vart Næss vald til leiar av komiteen den 24. mars 2022.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]