Marianne Werner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marianne Werner

Statsborgarskap Weimarrepublikken, Det tyske riket, Vest-Tyskland, Tyskland
Fødd 4. januar 1924
Dülmen
Død

22. juli 2023 (99 år)
Dortmund

Yrke friidrettsutøvar
Språk tysk
Høgd 174 centimeter
Marianne Werner på Commons

Marianne Werner (fødd Marianne Schulze-Entrup4. januar 1924) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Dülmen i Nordrhein-Westfalen. Ho vart europameister for Vest-Tyskland i kulestøyt i 1954 og tok OL-medaljar i same øvinga både i 1952 og 1956.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Werner deltok internasjonalt både i kulestøyt og i diskoskasting. Under dei olympiske leikane i Helsingfors i 1952 fekk ho sølvmedaljen i kulestøyt og vart nummer ni diskostevlinga. Ho kom så på femteplassen i kule i EM i friidrett 1954, og på ellevteplass i diskos.

Under sommar-OL 1956 i Melbourne sikra Werner seg bronsemedaljen i kuleøvinga med eit støyt på 15,61 m, i diskos vart ho nummer ti. Endeleg vann ho ein gullmedalje då ho i Stockholm i 1958 under friidretts-EM tok leiinga i kuletevlinga med 15,57 m i fjerde omgang og la på til vinnarresultatet 15,74 i femte omgangen. Dermed viste ho sin mangeårige konkurrent Tamara Tysjkevitsj frå Sovjetunionen til sølvplass på 15,54 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]