Marianne von Werefkin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marianne von Werefkin

Fødenamn Марианна Владимировна Веревкина, Marianna Vladimirovna Verevkina
Statsborgarskap Det russiske imperiet, ingen verdi
Fødd 10. september 1860, 11. september 1860
Tula
Død

6. februar 1938 (77 år)
Ascona

Yrke kunstmålar, kunstnar
Sjanger portrett
Far Vladimir Nikolajevitsj Verjovkin
Mor Jelizaveta Petrovna Daragan
Marianne von Werefkin på Commons

Marianne von Werefkin (10. september 18606. februar 1938), fødd Marianna Vladimirovna Verevkina, var ein russisk-sveitsisk kunstmålar, kjend for sine ekspresjonist-verk.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Marianne von Werefkin kom til verda i Tula i Russland, og voks opp som dotter av kommandanten for tsar-regimentet i Ekaterinaburg. I 1880 vart ho elev av Ilja Repin, den fremste av dei russiske realisme-målarane. Utviklinga som målar vart sett tilbake då ho i 1888 under jakt, ved eit uhell, skaut seg sjølv i høgrehanda. Dette var handa ho nytta til å måle med.

I 1892 møtte ho Aleksej von Jawlensky, som ynskte å gjere henne til sin protésjé. I 1896 reiste ho saman med Javlenskij og tenaren deira til München. Werefkin heldt opp å måle i nær ti år, for å gje rom for Javlenskijs målarutvikling.

Ho skapte sine fyrste ekspresjonistverk i 1907. I desse fylgde ho Paul Gauguins og Louis Anquetins målarstil med «overflatemåling», men trekk i bileta viste og påverknad frå Edvard Munch. I 1909 vart Neue Künstlervereinigung München (Münchens Nye Kunstnarforeining) stifta. Denne vart eit forum for utstillingar og kunstdebatt.

Haust (skule), 1907

To år seinare, i 1911, vart gruppa Der Blaue Reiter danna. Gruppa gav ut ei bilet-almanakk over personar som hadde fått noko kalla opp etter seg, og Werefkin heldt si fyrste utstilling vinteren 1911/12. Werefkin og Javlenskij forlét Neue Künstlervereinigung og vart i staden med i Der Blaue Reiter.

Ved utbrotet av 1. verdskrigen immigrerte dei to til Sveits, og busette seg i nærleiken av Geneve. Seinare flytta dei til Zürich. I 1918 flytta Werefkin til Ascona ved Lago Maggiore, ho og Javlenskij hadde då skilt lag. Ho grunnla i 1924 kunstnargruppa Großer Bär ('Storebjørn').

I sine seinare åra måla Werefkin reklameplakatar. Figurane «Carmen» og «Diego Hagmann» sikra henne brød på bordet.

Ho vart gravlagt på den russiske gravlunden i Ascona.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Marianne von Werefkin