Mariano Melgarejo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mariano Melgarejo
MarianoMelgarejo.jpg
Fødd 13. april 1820
Cochabamba
Død

23. november 1871
Lima

Yrke politikar, soldat
Verv President of Bolivia
Periode 28. desember 1864-15. januar 1871
Føregangar José María de Achá
Etterfylgjar Agustín Morales
Mariano Melgarejo på Commons

Manuel Mariano Melgarejo Valencia (13. april 182023. november 1871) var president av Bolivia frå 28. desember 1864 til 15. januar 1871.

Melgarejo var fødd i Tarata i Cochabamba-departementet som uekte son av ein spansk-bolivianar og ei quechuakvinne.[1] Han gjorde karriere i hæren, og deltok i fleire militæropprør. Etter ein feila oppreist i 1854 mot Manuel Isidoro Belzu blei han tiltalt for høgforræderi, men benåda av presidenten etter å ha skulda alkoholpåverking for at han tok del i oppreisten.

General Melgarejo støtta styre til Linares (1857–61) og kjempa deretter for den opprørske generalen José Maria de Achá, som blei president i 1861. I desember 1864 gjorde han sjølv opprør mot Achá. Han overvann både styrkane til Achá og dei til tidlegare president Belzú, og utropte seg sjølv til president av Bolivia. Ettersom Belzú framleis kontrollerte delar av landet og hæren, stelte Melgarejo i stand eit møte med han der han i følgje dei fleste kjelder sjølv drap den tidlegare presidenten.

Melgarejo blei kjend som ein hard tyrann, og blei til slutt kasta av ein samla opposisjon. 15. januar 1871 blei han kasta av hærsjefane, general Agustín Morales. Han flykta i eksil i Lima i Peru. 23. november same året blei han drepen av Aurelio Sánchez, broren til elskarinna si.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Klein, Herbert. The American Finances of the Spanish Empire: Royal Income and Expenditures in Colonial Mexico, Peru and Bolivia, 1680-1809. (1998). Albuquerque: University of New Mexico Press, pp. 136.
  • Alva Curtis Wilgus (1963). South American Dictators During the First Century of Independence. Russell & Russell. s. 334.