Maridalsvannet

Koordinatar: 59°59′4″N 10°46′42″E / 59.98444°N 10.77833°E / 59.98444; 10.77833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maridalsvannet
innsjø

Foto: Grzegorz Wysocki

Land  Noreg
Fylke Oslo
Høgd over havet 149 moh.
Areal 3,83 km²
Kystlengd1 11,19 km
Koordinatar 59°59′4″N 10°46′42″E / 59.98444°N 10.77833°E / 59.98444; 10.77833
Kart
Maridalsvannet
59°59′04″N 10°46′42″E / 59.98444444°N 10.77833333°E / 59.98444444; 10.77833333
Wikimedia Commons: Maridalsvannet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Maridalsvannet er den største innsjøen i Oslo kommune, plassert i Maridalen, mellom Nordmarka og Lillomarka. Innsjøen har eit areal på 3,83 km² og ligg 149 moh. Maridalsvannet er ein del av Nordmarksvassdraget, og tømmer vatnet mot sør, til Akerselva.

Vatnet er den viktigaste drikkevasskjelda i Oslo og dekker ca. 80 % av vassforbruket i Oslo. Vatnet vert reinsa i Oset vannrenseanlegg like ved.

Flyfoto av Maridalsvannet (2015)

Ein av dei største elvane inn til Maridalsvannet kjem frå Skjærsjøen i vest, der noko av vatnet passerer gjennom Hammeren kraftstasjon, det eldste vasskraftverk i landet som framleis er i dagleg drift.

Oktober 2007: Forureina drikkevatn i Oslo[endre | endre wikiteksten]

Den 17. oktober 2007 vart det gjeve ei offisiell åtvaring mot å drikke vatnet som kom frå Maridalsvannet sidan det var oppdaga giardiaparasittar i drikkevatnet på tre ulike stader i Storo-området. Drikkevatnet kom frå Maridalsvannet, gjennom Oset vannrenseanlegg.[1] 21. oktober vart drikkevatnet i Oslo friskmeld [2].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gunnhild Baade (17. oktober 2007). «Ber Oslo-folk om å koke drikkevannet». VG.no. Henta 20. oktober 2007. 
  2. Agnes Svalastog (21. oktober 2007). «Oslo-vannet er friskmeldt». VG.no. Henta 28. oktober 2007.