Marie-Catherine d’Aulnoy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marie-Catherine d’Aulnoy
D'Aulnoy.jpg
Fødd 14. januar 1651
Barneville-la-Bertran
Død

14. januar 1705
Paris

Yrke skribent, salongvert, romanforfattar
Språk fransk
Sjanger eventyr
Marie-Catherine d’Aulnoy på Commons

Marie-Catherine Jumel de Berneville, grevinne av Aulnoy (16501705) var ein fransk forfattar, også kjend som Madame d'Aulnoy. Ho er særleg kjend for eventyra sine, og var den første som gav ut eventyr i Frankrike.[1] D'Aulnoy var også den som innførte omgrepet contes de fées ('fe-soger'), som er brukt om eventyr på fransk og tilsvarer engelsk fairy tale.[2] Ho levde sjølv eit eventyrleg liv, der ho var innblanda i skuldingar om majestetsfornærming og levde fleire år i eksil.

Madame d'Aulnoy etter ei gravering frå 1600-talet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

D'Aulnoy var fødd i Barneville-la-Bertran i Calvados som medlem av den normanniske småadelege familien Le Jumel de Barneville. I 1666, då ho var 15-16 år gammal, blei ho gifta bort i eit arrangert ekteskap til den fleire tiår eldre François de la Motte, baron d'Aulnoy, som var kammertenar for hertugen av Vendôme.[3] Baronen var kjend for ein utsvevande livsstil, og brukte opp alle midla sine. Han livnærte seg ved å arbeida som oppsynsmann for prins Philippe av Orléans.[4]

Komplott og eksil[endre | endre wikiteksten]

I 1669 blei baron d'Aulnoy skulda for høgforræderi (å ha tala imot skattar innførte av kongen), noko han risikerte dødsstraff for. Han var på Bastillen i fleire månader før han blei frifunnen. Dei to mennene som hadde skulda han blei funne skuldige for falskt vitnesbyrd og avretta i staden. Under avhøyr tilstod dei at ideen om komplottet mot baronen var kome frå Marie-Catherine d'Aulnoy og mor hennar, som då var blitt markise de Gadagne gjennom sitt andre ekteskap.[4][3][5] Skuldingane og motskuldingane er nedteikna i Bastille-arkiva.[6]

Marie-Catherine d'Aulnoy og mor hennar flykta frå landet for å unngå arrest. D'Aulnoy skal ha blitt overraska medan ho sov, men flykta via ei hemmeleg trapp og gøymd seg under ein katafalk i ei kyrkje.[6] Ho var i Flandern i 1672-1673 og i England i 1675.

Ho vitja Paris rundt 1676-1677, men fortsette eksilet. I desember 1678[7]:37 vitja ho Spania,[8] der mora, som hadde utført tenester for kong Filip IV og Karl II, heldt til.[9][4]

Tilbake til Frankrike[endre | endre wikiteksten]

I 1682 reiste ho til England på nytt. Madame d'Aulnoy kunne først slå seg ned i Frankrike att i 1685, etter at ho hadde fått godvilja til kong Ludvig XIV gjennom tenester for hoffet - truleg etterretning.[10][11]:261[6]:341

I 1690 slo ho seg ned i Faubourg Saint-Germain i Paris. Ho levde eit nokså tilbaketrekt liv,[9] men heldt likevel ein litterær salong der ho tok imot ei rekkje framståande intellektuellekvinner, som Antoinette Des Houlières og dottera Antoinette-Thérèse, Henriette-Julie de Castelnau de Murat, Marie-Jeanne L'Héritier de Villandon, prinsessa av Conti[11]:61 og damene de Bretonvilliers.[9] Ho var samtidig med forfattane Madame de La Fayette og Madame de Sévigné og ven med kritikaren Charles de Saint-Évremond. Fleire av salongvenene hennar var også kjende forteljarar, som Henriette-Julie de Murat og Marie-Jeanne L’Héritier.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon til eventyret «L’Oiseau bleu». Le prince Charmant tek med seg den han trur er heltinna i ei flygande vogn.
IIllutrasjon til eventyret «Belle-belle» utført av John Gilbert.

Madame d'Aulnoy gav ut si første bok i 1690, men stod aldri oppført som forfattar på nokre av verka sine. Den første boka, Mémoires sur la cour d’Espagne, inneheldt minne frå Spania, og blei særs populær. I 1691 kom romanen Histoire d’Hippolyte, comte de Douglas, som inneheld det første franske eventyret på prent[1] og fekk eventyret på moten i Frankrike.[11] Etter Charles Perrault sin suksess med gåsemoreventyra, Les Contes de ma mère l'Oye (1697) gav ho ut fire band med eventyr eller Contes des fées, etterfølgd av Contes nouveaux ou les Fées à la mode i 1698. Desse gav henne stort ry.[11]

Eventyra til d'Aulnoy var skrivne for vaksne frå den galante omgangskretsen hennar. Dei kombinerte tradisjonelle soger med litterære uttrykksmåtar knytt til den kulturelle preciositeten ho tilhøyrde. Gjennom dette er ho rekna som ein opphavsperson til kunteventyret.[12] Nokre av eventyra hennar var «L’Oiseau bleu», «La Belle aux cheveux d’or», «Gracieuse et Percinet», «Le Prince lutin», «La Biche au bois», «La Chatte blanche», «Le Rameau d’or», «Finette Cendron», «Le Nain jaune» og «La Grenouille bienfaisante». Dei synte påverknad frå den pastorale romanen, samtidige romanar og teater. Ein kan også sjå erfaringar frå hennar eige liv, som bruk av allegori for å tala imot slike tvangsekteskap som ho hadde vore utsett for.[11]:261

D'Aulnoy blei medlem av Accademia Galileiana som den sjuande kvinna.

Ekteskap og barn[endre | endre wikiteksten]

21. august 1700 døydde ektemannen, som ho hadde levd separert frå.[4][13]

Madame d'Aulnoy hadde seks barn. Fire av dei blei fødde etter at ho var separert frå ektemannen. Dei hadde hans etternamn, men blei ikkje anerkjende av han.

Barn
  • Marie-Angélique, (26. januar 1667, død ung, truleg før november 1669[14])
  • Dominique-César, den einaste sonen (22. november 1667, døydde ung)
  • Marie-Anne, Dame de Barneville (27. oktober 1668[15]:11-før 1726[15]:106), gift 29. november 1685 med Claude-Denis de Héère de Vaudois (30. oktober 1658-før juni 1711[15]:106):
    • Jacques-Denis-Augustin de Héère (1698-?), gift 2. november 1734 med Geneviève Françoise de La Fauche. Ingen barn.
    • Marguerite de Héère, Dame de Vaudoy.
    • Denise-Lucrèce de Héère (?-etter 1772).
    • Marguerite-Françoise de Héère (?-etter juni 1738), gift med Jacques-François Tardieu, «hertug» av Malissy.
    • Marie-Anne de Héère (6. august 1701-3. janvuar 1737), gift 24. september 1735 med Jean-Pierre de Fontanges. Dei fekk ein son:
      • François-Alexandre de Fontanges (28. desember 1736-1754).
  • Judith-Henriette (14. november 1669-etter 1711), gift 4. desember 1704 i Madrid[15]:108 med Giulio Orazio Pucci, marki av Barsento (1671-1732), hadde minsttobarn:
    • Antonio Pucci (f. 1705)[15]:109.
    • Luisa Maria Pucci, første kona til Francesco Guicciardini.
  • Thérèse-Aimée (13. oktober 1676-etter 1728), gift med Edmé II de Préaux d’Antigny (12. april 1664-ca. 2. oktober 1719). Dei fekk ei dotter:
    • Edmée-Angélique de Préaux d’Antigny (f. 18 november 1704)
  • Françoise-Angélique-Maxime (ca. 1677-17. november 1727), ugift, utan barn.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Histoire d’Hypolite, Comte de Douglas, Paris, Sevestre, 1690
  • Mémoires de la cour d’Espagne, Paris, Barbin, 2 band, 1690
  • Histoire de Jean de Bourbon, Prince de Carency, Paris, Barbin, 3 band, 1692
  • Nouvelles Espagnolles, Paris, Barbin, 1692
  • Nouvelles, ou Mémoires historiques, Paris, Barbin, 2 band, 1693
  • Mémoires de la cour d'Angleterre, Paris, Barbin, 2 band, 1695
  • Les Contes des Fées, Paris, Barbin, 4 band, 1697
  • Contes nouveaux ou Les Fées à la mode, Paris, Vve de T. Girard, 1698, 4 band.
  • Le Comte de Warwick, 1703.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «L’Île de la Félicité de Mme d’Aulnoy», Merveilles & contes (Wayne State University Press) 10: 87, 89–116, 1996, henta 16. september 2017  Den ukjende parameteren |comment= vart ignorert (hjelp); Den ukjende parameteren |no= vart ignorert (hjelp); Den ukjende parameteren |languagee= vart ignorert (hjelp); Den ukjende parameteren |month= vart ignorert (hjelp)
  2. Zipes, Jack (2001). The great fairy tale tradition : from Straparola and Basile to the Brothers Grimm : texts, criticism. New York: W.W. Norton. ISBN 0-393-97636-X. 
  3. 3,0 3,1 «Aulnoy, Marie Catherine le Jumel de Barneville de la Motte». Encyclopædia Britannica, 11th ed. 2. s. 917. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Adolphe de Lescure (1882). Les contes des fées, ou les Fées à la mode (fransk). 1. Paris: Librairie des bibliophiles. 
  5. Warner 1995, s. 284-5.
  6. 6,0 6,1 6,2 François Ravaisson (1874). Archives de la Bastille (fransk). 7. Paris: A. Durand & Pedone-Lauriel. s. 336. 
  7. Gaston Ducaunnès-Duval (1936). «Comment on voyageait au XVIIe siècle». Revue philomathique de Bordeaux et du Sud-Ouest (fransk). Bordeaux: Société philomathique: 34-39. 
  8. Jeanne Roche-Mazon (1927). «Madame d’Aulnoy n’aurait-elle pas été en Espagne ?». Revue de Littérature Comparée (fransk) (7): 724–736. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Édouard Charton (1870). «67». Le Magasin pittoresque (fransk). 38. Paris: Jouvet & Cie. 
  10. Philippe Nourry (2013). «Histoire de l’Espagne» (fransk). Paris: Tallandier. ISBN 979-1-02100-283-8. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 Sophie Raynard (2002). «63». La Seconde Préciosité (fransk). Tübingen: Gunter Narr Verlag. ISBN 978-3-82335-542-7. 
  12. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok, 2:a uppl., Baltiska förlaget, Malmö 1947-1955 (swe), sid. 814. Libris 3148191. 
  13. Anne Defrance (1998). Les contes de fées et les nouvelles de Madame d’Aulnoy, 1690-1698 (fransk). Genève: Droz. ISBN 978-2-60000-278-3. OCLC 499270413. 
  14. Jeanne Roche-Mazon (1968). «8.». Autour des contes de fées. Études de littérature étrangère et comparée, 55 (fransk). Paris: Didier. OCLC 460163512.  [Recueil composé en majeure partie d’articles de l’auteur publiés de 1927 à 1932 et rassemblés par André Mazon, ainsi que de deux études d’Émile Magne et de Gustave Cohen.]
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 Raymond Foulché-Delbosc, Revue Hispanique, 69, 1926.
Spire Denne litteraturartikkelen som har med Frankrike å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.