Marie-Jeanne L’Héritier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie-Jeanne L’Héritier
Mlle L'Héritier.jpg
Pseudonym Télésille
Fødd 12. november 1664
Paris
Død

24. februar 1734 (69 år)
Paris

Yrke skribent, lyrikar, salongvertinne, barnebokforfattar, omsetjar
Språk fransk
Marie-Jeanne L’Héritier på Commons

Marie-Jeanne L'Héritier de Villandon (1. november 166424. februar 1734) var ein fransk forfattar og salongvertinne frå aristokratiet seint på 1600-talet og tidleg på 1700-talet. Ho var niese av Charles Perrault.[1] Ho skreiv dikt, romanar og eventyr.

L’Héritier gav ut tre eventyr tidleg i karrieren sin. Sjølv om ho skreiv få av desse seinare, var ho med på å markera byrjinga på interessa for eventyr blant preciositeten.[2] Ho gav ut sitt første eventyr eit år før onkelen hennar gav ut den kjende eventyrsamlinga Les Contes de ma Mère l’Oye ('Gåsemoreventyr') i 1696.[3] Ho var ein nær ven og protesjé av Madeleine de Scudéry, og arva salongen hennar etter at Scudéry døydde i 1701.[4]

L'Héritier si deltaking i eventyrsjangeren reflekterer deltakinga hennar i salongverda. Ho, og mange av venane hennar og andre salongdeltakarar, som Madame d'Aulnoy og Henriette-Julie de Murat, var instrumentale i å skipa eventyr som ein litterær sjanger i lag med den kjende onkelen hennar Perrault.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jack Zipes, The Great Fairy Tale Tradition: From Straparola and Basile to the Brothers Grimm, s. 833, ISBN 0-393-97636-X
  2. Jack Zipes, The Great Fairy Tale Tradition: From Straparola and Basile to the Brothers Grimm, s. 834, ISBN 0-393-97636-X
  3. L'Adroite princesse, ou, Les aventures de Finette, Paris, Marie-Jeanne, 1664-1734
  4. Contes, Éd. Raymonde Robert, Paris, Champion, 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]