Marie Barch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie Barch
Statsborgarskap Danmark
Fødd 1744
Død

31. mars 1827 (82 år)

Yrke ballettdansar

Marie Barch (17441827), fødd Knudsen, var ein dansk ballettdansar. Ho er ei av dei første namngjevne ballettdansarane i Danmark.

Barch debuterte på Det Kongelige Teater som fjortenåring i 1758-59-sesongen. I ei tid då dei fleste dansarar kom utanlands frå var Barch ein dansk pioner. Ho er også ein av dei første danske dansarane som blei namngjevne.

Då ho debuterte var Barch allereie trulova med kollegaen og den seinare ektefellen Carl Vilhelm Barch (1743-1805), som debuterte på same tid. Det er kjend at han hadde fått opplæring frå den italienske balletmeisteren Antonio Como, og det er mogleg ho også hadde det.

Paret hadde stor suksess ved debuten, og blei publikumsfavorittar. Marie blei beundra for evnene sine, og fekk ei fast stilling ved teateret. Marie Barch hadde ein karriere som varte i over førti år. Ho pensjonerte seg først etter 1798-99-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]