Hopp til innhald

Marie Bregendahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie Bregendahl

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 6. november 1867
Fly
Død

22. juli 1940 (72 år)
København

Yrke skribent
Ektefelle Jeppe Aakjær
Born Svend Aakjær
Marie Bregendahl på Commons

Marie Bregendahl, f. Sørensen (6. november 186722. juli 1940), var ein dansk forfattar som blei kjend for ein roman og ei rekkje noveller som på realistisk og lågmælt vis skildra bondelivet i heimområdet Fjends.

Marie Bregendahl var fødd i Fly sokn ved Skive. Mor hennar døydde i 1879 i barsel, og tolv år gamle Marie måtta ta ansvaret for søskena sine og heimen.

I 1886-87 var ho trulova med ein ung bondeson frå trakta. Ho byrja likevel på Vrigsted Høgskole (1866-1919), fyrst som assistent og sidan som elev. Her møtte ho Jeppe Aakjær, og vart forelska i han. Ho braut trulovinga og drog til København for å vera i nærleiken av Aakjær. Her tok ho arbeid som tenestejente.

I 1892 fekk ho økonomisk hjelp av far sin til å oppretta eit pensjonat i Nørregade i København, Det jyske Pensionat. Ho blei gift med Jeppe Aakjær i 1893. Dei fekk sonen Svend Aakjær, ein seinare riksantikvar. Ekteparet skilde seint i 1899. I 1900 stengde ho pensjonatet, og budde dei neste åra som hushaldar hjå broren sin Kresten, som hadde eit ismeieriNørrebro. Ho livnærte seg også gjennom korrekturlesing.

Ho blei buande i København resten av livet. Her skreiv ho om heimtraktene sine. Namnet Bregendahl tok ho etter far sin i 1923.

Forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]

Marie Bregendahl byrja å skriva litt under ekteskapet med Jeppe Aakjær, og ho fekk gjeve ut novella «Da Katten løb med Frikadellerne» (1899). Etter denne og eit par noveller til reiste ho til Noreg og Sverige i åra 1901 og 1902.

Debutromanen hennar Hendrik i Bakken kom ut i 1904. Hovudpersonen tek tydeleg utgangspunkt i faren hennar. Ho fekk det litterære gjennombrotet sitt med den korte sjølvbiografiske romanen En Dødsnat (En moder dør i barselsseng, set og fortalt fra børnenes vinkel) i 1912. Ho skreiv ei rekkje noveller med fellestitlen Billeder af Sødalsfolkenes liv 1914-23 (utgitt samla under tittelen Sødalsfolkene i 1935). Ho gav deretter ut ei rekkje novellesamlingar og dessutan eit par romanar. I 1937 gav ho ut si einaste diktsamling, Filtret Høst.

Etter at ho døydde i 1940 blei det funne eit fragment av ein delvis sjølvbiografisk roman.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Bibliografien omfattar utgjevne bøker.

  • Hendrik i Bakken (roman, 1904)
  • En dødsnat (roman, 1912)
  • I de lyse nætter (noveller, 1920)
  • I håbets skær (noveller 1924)
  • Thora (noveller, 1926)
  • Med åbne sind (noveller, 1926)
  • Den blinde rytter (noveller, 1927)
  • Når jul er nær (noveller, 1927)
  • Holger Hauge og hans hustru (roman, 1934-35)
  • Sødalsfolkene (noveller, 1935)
  • Møllen og andre fortællinger (noveller, 1936)
  • Filtret høst (diktsamling, 1937)
  • Birgitte Borg (romanfragment, 1941)

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  • 1918: Finansloven
  • 1927: Tagea Brandts Rejselegat
  • 1937: Selskabet til de skønne og nyttige Videnskabers Forfremmelse