Marie Duplessis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie Duplessis

Fødenamn Alphonsine Rose Plessis
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 15. januar 1824
Nonant-le-Pin
Død

3. februar 1847 (23 år)
boulevard de la Madeleine

Yrke demi-mondaine
Språk fransk
Ektefelle Édouard de Perregaux
Marie Duplessis på Commons

Marie Duplessis (15. januar 18243. februar 1847)[1] var ei fransk kurtisane og elskarinna til fleire prominente og velståande menn.[2] Ho var inspirasjonen til hovudpersonen i boka Kameliadamen av Alexandre Dumas, som var ein av elskarane hennar. Mykje av det som er kjent om ho er henta frå den litterære skildringa og samtidige legender.[3]

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Marie Duplessis var fødd som Alphonsine Rose Plessis i Nonant-le-Pin i Normandie i Frankrike. Far hennar blei i røynda halliken hennar då ho var rundt 12 år gammal. I ein alder av 15 år flytta ho til Paris der ho fann arbeid i ein klesbutikk.[4] Som ein kan sjå i kunstverk av henne var Marie Duplessis tydelegvis ei svært attraktiv ung kvinne,[5] med ein liten og nett figur og eit sjarmerande smil. Innan ho var 16 var ho blitt klar over at framståande menn var villige til å gje henne pengar i byte for selskapet hennar, både i private og sosiale samanhengar. Ho blei kurtisane og lærte å lesa, skriva og å halda seg à jour med hendingane i verda, slik som å kunna snakka om desse temaa med klientane sine og ved sosiale samkome.[6] Ho la også ein falsk adeleg «Du» til etternamnet sitt.[7]

Livet som kurtisane[endre | endre wikiteksten]

Duplessis måla av Édouard Viénot

Duplessis var både populær som kurtisane og som vertinne i ein salong, der politikarar, forfattarar og kunstnarar samla seg for stimulerede samtale og sosialt samvær. Ho reid i Bois de Boulogne og gjekk i operaen. Ho fekk òg portrettet sitt måla av Édouard Viénot.

Duplessis var elskarinna til Alexandre Dumas mellom september 1844 og august 1845.[1] Etterpå går ein ut frå at ho var elskarinna til komponisten Franz Liszt[8], som skal ha villa bu saman med henne. Gjennom det korte livet hennar blei ho kjend som ei diskret, intelligent og vittig kvinne. Ho heldt fram å ha eit godt tilhøve til mange av velgjerarane sine, sjølv etter at forholdet mellom dei var forbi.[9]

Marie Duplessis døydde av tuberkulose 23 år gammal den 5. februar 1847.[1] To av dei tidlegare elskarane hennar, svenske grev von Stakelberg og franske grev Édouard de Perregaux, som ho hadde gifta seg med ei kort tid før,[2] var ved sida hennar. Eit par veker etter at ho døydde blei eigedelane hennar auksjonerte vekk for å betala gjelda hennar.[6] Likevel skal gravferda hennar på Montmartrekyrkjegarden ha vore overdådig, og hundrevis av menneske var til stades.[10]

Den romantiske romanen til Dumas, Kameliadamen, blei gjeven ut innan eit år var gått. I boka var Dumas framstilt som Armand Duval og Duplessis som Marguerite Gautier. Dumas gjorde òg historie om til eit skodespel, noko som inspirerte til Verdi sin opera til La Traviata og fleire filmar.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Gardner, Lyn (5. mars 2003). «The reality behind the myth of Camille». the Guardian (på engelsk). Henta 24. mars 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Predota, Georg (24. oktober 2012). «Redemption through Consumption!Liszt and Marie Duplessis : Interlude.hk». Interlude. Henta 24. mars 2018. 
  3. Maria Nockin "The Real Traviata" ("Pro Opera", English translation) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 19. april 2008. Henta 16. juni 2008. 
  4. Weber, Caroline (19. juli 2013). «'The Girl Who Loved Camellias,' by Julie Kavanagh». The New York Times. Henta 24. mars 2018. 
  5. «Portrait of Marie Duplessis». Henta 20. januar 2013. 
  6. 6,0 6,1 «La Dame aux Camelias: The Tragedy of Marie Duplessis». Persephone Magazine. Henta 24. mars 2018. 
  7. Weis, Rene (15. januar 2016). «The Real Traviata: The tragic true story that inspired La traviata». Royal Opera House. Henta 24. mars 2018. 
  8. Nils Johan Ringdal side 292 og 293
  9. «Belle de Jour and the myth of the happy hooker», BBC News, 20. november 2009 
  10. «The Gacé girl who became a Paris queen; La Dame aux Camélias». Normandy Then and Now. 2. juli 2016. Henta 24 March 2018.