Marie From

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie From
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. september 1867
Sandeherred
Død

20. oktober 1939 (72 år)
Oslo

Yrke skribent, omsetjar

Inger Marie From (4. september 186720. oktober 1939) var ein norsk forfattar, omsetjar og fråhaldsforkjempar.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Marie From var dotter av skipper August Jørgensen og Amalie Caspersen (1840-1921).[1] Ho var gift med journalist og litterat Julius Severin Jørgensen From (1862-1934).[2] Ekteskapet vart oppløyst, og ho tok etternamnet Unneberg, etter garden ho kom frå.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Marie From engasjerte seg i fråhaldsarbeid frå 1886.[3] I 1914 var ho med på å stifta IOGT sin barnelosje Malm,[4], og bidrog i barnebladet til organisasjonen Magne, og som omreisande talar.[5]

I 1895-1896 gav ho ut tre små bind, der ho hadde omsett det første, Fra Drikkens Verden, frå engelsk. Dei to neste binda bar begge tittelen Skisser. Etter eit opphald på fleire år, tok ho opp att forfattarskapen med Livets Spil (1906). I 1907 gav ho ut Ranveiglandsmål. Denne boka kom i anna opplag i 1915.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1895: Fra Drikkens Verden I, Sandefjord
  • 1895: Fra Drikkens Verden II, skisser, Sandefjord
  • 1896: Fra Drikkens Verden III, skisser, Sandefjord
  • 1906: Livets Spil, Sandefjord
  • 1907: Ranveig, Sandefjord (2. opplag 1915)
  • 1908: Unødige Bekymringer, Kristiania
  • 1916: En liten solstraale, Erik Gunleikson, Risør[6]
  • Til den norske kvinde, med Inga Zapffe.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Møller, Vilhelm (1980). Sandar. Sandefjord kommune. 
  2. Folketelling 1891 for 0724 Sandeherred: Tellingskrets: 010 Froms kreds: Bosted land: 032 J. Chr. From
  3. Norske kvinder. Berg & Høgh. 1914. s. 64. 
  4. Hasle, Eivind (1995). samlingsstad og eit feste". E. Hasle. s. 47. 
  5. Hanssen, Torjus (1898). Til Norges storlosje I.O.G.T. s. 52. 
  6. Unneberg, Marie (1916). liten solstraale. Erik Gunleikson. 
  7. Fuglum, Per (1995). Brennevinsforbudet i Norge. Tapir. s. 567. ISBN 8251914140.