Marie Hauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie Hauge
Christian Krohg - Portrait of the Painter Marie Hauge - Malerinnen Marie Hauge - Nasjonalmuseet - NG.M.03713.jpg
Fødd 8. juli 1864
Drammen
Død

11. november 1931 (67 år)
Oslo

Yrke kunstmålar, bilethoggar
Marie Hauge på Commons

Marie Octavia Nielsen Hauge (8. juli 186411. november 1931) var ein norsk målar.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Marie Hauge var fødd i Drammen som dotter av kjøpmannen Hans Thulin Nielsen Hauge (1830-1892) og Emilie Ziegler (1828-1879).[1] På farssida var ho i slekt med lekpredikanten og industrigründeren Hans Nielsen Hauge. Ho var einsleg heile livet.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Husmannsfolk på hjemveien, 1896
Fjellandskap med kyr, 1898
Portrett av Aasta Hansteen, 1903

I perioden 1888–1896 blei Marie Hauge undervist av mange anerkjende kunstnarar, som Hans Heyerdahl, Eilif Peterssen, Erik Werenskiold, Sven Jørgensen og Harriet Backer. Backer blir omtalt som den mest innverknadsrike. Marie Hauge hadde også mange utanlandsopphald som var sentrale for inspirasjonen hennar. Tidleg på 1900-talet var ho i Paris (1903–1907), der ho var elev ved Académie Colarossi og Académie des Beaux-Arts. Her lærte ho òg anatomi.

Hauge debuterte på Drammens Kunstforening i 1890 og hadde deretter ei rekke utstillingar, både separatutstillinger og deltaking i kollektivutstillingar. Ho hadde si fyrste separatutstilling ved Blomqvist i 1901. Ved sida av måleria sine, laga ho òg nokre statuettar og relieff i små format. På Haustutstillinga i 1905 deltok ho som bilethoggar.

Marie Hauge er representert i Nasjonalgalleriet med to bilde: Et fjellandskap frå 1898 og Husmannsfolk på hjemveien. Ho måla òg altertavla til Øre kyrkje i 1906, der motivet er Jesus i Getsemane. Portrettet hennar av Aasta Hansteen (1902, Drammens Kunstforening Faste Galleri) blir rekna som eit hovudverk.

Hauge var aktiv i kvinnesaksrørsla som medlem av Norsk Kvinnesaksforening og Kvindestemmeretsforeningen. Ho teikna vignetten i Nylænde med solsikke som blei brukt frå 1901.[2]

Stipend, reiser og utanlandsopphald[endre | endre wikiteksten]

Offentlege arbeider[endre | endre wikiteksten]

Utsmykkingar og verk i offentlege samlingar[endre | endre wikiteksten]

  • Portrett av rektor Marius Nygaard, Drammens offentlige høyere almenskole 1912
  • Portrett av fru Evenstad, Stor-Elvdal kapell, Opphus
  • Nasjonalgalleriet, Oslo
  • Bergen Billedgalleri
  • Lillehammer Bys malerisamling
  • Drammens Kunstforening Faste Galleri
  • Haugesund Billedgalleri
  • Skiens Faste Galleri
  • Oslo Bymuseum
  • Nationalmuseum, Stockholm
  • Oslo kommunes kunstsamlinger

Separatutstillingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1901: Blomqvists Kunsthandel, Kristiania
  • 1908: Blomqvists Kunsthandel, Kristiania
  • 1909: Bergens Kunstforening
  • 1911: Kunstnarforbundet, Kristiania
  • 1916: Kunstnarforbundet, Kristiania
  • 1921: Kunstnarforbundet, Kristiania

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bjerknes, Ingeborg (1963). Hans Nielsen Hauge og hans slekt. Oslo: I. Bjerknes. 
  2. Aasta Hansteen (1903). «Solblomsten». Referat fra Nordisk kvindesagsmøde. Kristiania. s. 167–170.