Marie Knutsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marie Knutsen
Marie Knutsen (cropped).jpg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. august 1982
Trondheim
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Marie Knutsen (fødd 31. august 1982) er ein norsk fotballspelar frå Trondheim som deltok for Noreg i både fotball-EM 2005, fotball-VM 2007 og sommar-OL 2008. Perioden 2004-09 spelte ho 55 landskampar for Noreg, med semifinale og tapt bronsefinale under VM 2007 i Kina som toppen. Ho spelte for fleire norske klubbar, mest kjend for sine år i Røa Idrettslag.

Knutsen er gift og busett i Oslo.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Knutsen debuterte på toppnivå med Byåsen i 2000, der ho var med dei to fyrste sesongane laget spelte samanhengande i toppserien. I 2002 gjekk ho over til Trondheims-Ørn, men sat for det meste på benken. Ho flytta då over til byrivalen Kattem, og saman med systera Guro var ho sentral då laget rykte opp i toppserien i 2004. Kattem rykte ned allereie etter den fyrste sesongen.

Knutsen melde då overgang til Røa Idrettslag og i sitt fyrste år med osloklubben vart ho noregsmeister då Røa slo Asker i cupfinalen. Deretter vart ho seriemeister i 2007 og både serie- og cupmeister i 2008. Også i 2009 spelte ho for Røa.

Sommaren 2012, etter å ha vore to og eit halvt år i New York, kom Marie Knutsen tilbake til Røa. Ho debuterte mot gamleklubben Kattem den 22. september 2012, men etter sesongslutt enda ho sine år som aktiv fotballspelar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Vinteren 2005 fekk Knutsen sin debut for det norske landslaget i ein kamp mot Frankrike under ei turnering i Spania. Under fotball-EM 2005 fekk ho kome inn på banen i finalen mot Tyskland få minuttar før slutt. Kampen enda med tysk siger og norsk sølvmedalje. Etter europameisterskapen fekk Knutsen fast plass på midtbanen for Noreg. Ho var med då Noreg tapte kampen om bronsemedalje ved VM i 2007. Under OL i Beijing spelte Knutsen samtlege kampar, trass eit nasebrot i oppgjeret mot Japan.

I oktober 2008 erklærte Marie Knutsen og fire andre Røa-spelarar; systera Guro Knutsen, Lene Mykjåland, Siri Nordby og Marit Fiane Christensen offentleg at dei var ferdig med landslaget. Dei uttrykte misnøye med landslagsleiinga. Bjarne Berntsen var landslagssjef. Sidan fekk ho eitt innbytte for Noreg hausten 2009 då det under Eli Landsem vart 1-0 over Slovakia på heimebane i Skien.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-sølv 2005 for Noreg.
  • Noregsmeister: 2006 og 2008 med Røa IL
  • Seriemeister: 2007 og 2008 med Røa IL

Kjelder[endre | endre wikiteksten]