Marie Lous Mohr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie Lous Mohr

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. februar 1892
Mandal kommune
Død

25. november 1973 (81 år)

Medlem av Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom

Marie Lous Mohr (19. februar 18921973) var ein norsk pedagog og fredsarbeidar, fødd i Mandal.

Marie Lous Mohr leia den norske seksjonen av Women’s International League for Peace and Freedom (WILPF) (på norsk 'Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom') i åra frå 1934 til 1947. Ho var òg medlem i denne internasjonale organisasjonens hovudstyre i mange år, var internasjonal visepresident frå 1946 til 1952, og internasjonal president frå 1952 til 1956. Deretter var ho på nytt formann i den norske seksjonen fram til 1961, og resten av si levetid knytt til landsstyret i den norske seksjonen.

Under den tyske okkupasjonen av Noreg under andre verdskrigen var Marie Lous Mohr mellom dei som sat i fangenskap på Grini.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]