Marie Monsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie Monsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. februar 1878
Død

28. september 1962 (84 år)

Yrke misjonær
Marie Monsen på Commons

Marie Monsen (24. februar 187828. september 1962) var ein luthersk kinamisjonær som arbeidde i Nord- og Sentral-Kina, på misjonsfeltet til Kinamisjonsforbundet, frå 1901 til 1932. På hovudfeltet til misjonsforbundet nordvest i provinsen Hubei i området rundt Laohekou, blei ho etterkvart kjent som Huskirkenes mor. Der arbeidde ho nært med blant anna Asbjørn Aavik, ein annan av dei framtredande misjonærane til forbundet. Ho er kanskje den norske kvinnelege misjonæren som er aller best kjent i inn- og utland. Ho brann for kvinnefrigjering, og ville ha dei kinesiske kvinnene ut av heimen.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Marie Monsen blei fødd den 24. februar 1878 i Sandviken i Bergen. Sandviken var då nettopp blitt ein del av Bergen by. Før dette var området ein del av Åsane.

Faren til Monsen heitte Johannes Monsen og var frå Ytre Midttun i Fana. Han var fødd i 1850 (son av Birte og Mons Johansen) og arbeidde som modellsnikkar på Wingård jernstøperi. Mor hennar heitte Gjertrud Olsen (dotter av Ola og Kari Jonson) og var frå Viksdalen i Sunnfjord. Ho var haugianarkvinne. Ho var fødd i 1847 og dreiv ei strykeforretning, ved sida av arbeidet heime.[1]

Familien budde i Sandviksveien 54, rett ved Sandviken bedehus og ein barneheim. Familien til Marie Monsen var kristen, og foreldra var ofte på møte i bedehuset, og av og til inne i Bergen sentrum. Marie voks opp med ni søsken, men fem av dei døydde i ung alder og tre av dei (to brør og ei søster) emigrerte til USA. Den einaste gjenverande systera hennar, Kaia, var mykje sjuk og vart buande heime.

Etter folkeskulen gjekk Marie på middelskule, og deretter to år på den private lærarskulen i Bergen. Etter lærarskulen fekk ho eit år som lærer i Bergen, før ho drog til Oslo for å ta sjukepleiarutdanning på Diakonissehuset. Våren 1900 drog ho til England for å læra språk.

Misjonær[endre | endre wikiteksten]

Før Kina[endre | endre wikiteksten]

Kristenliv og misjon var ein del av livet til Marie Monsen frå oppveksten. Foreldra var kristne, og kjente predikantar som Andreas Lavik og Thormod Rettedal var ofte på besøk i barndomsheimen hennar. Marie har skrive at Thormod Rettedal forstod at ho følte misjonskallet, og at han oppsøkte henne og åtvara henne mot å stritta imot kallet:

« Tror du at du kan gjemme deg bort fra Vårherre når du ikke kan gjemme deg for gamle Thormod Rettedal. Dersom Gud vil ha deg til å gå øst, og du ikke vil, så kan du gjerne gå nord, vest eller sør om du vil. Men du skal vite at du får ikke Guds velsignelse med deg hvor du enn går.. »

Så viste han til profeten Jona og flukta hans frå Guds kall.[2] Dette møtet med Rettedal fekk henne til å oppsøka misjonskallet, og ho bestemte seg då for å dra austover.

25. februar 1890 heldt Sivert Gjerde eit foredrag i Sandviken bedehus om misjon i Kina. Eitt år seinare blei det norske lutherske Kinamisjonsforbundet oppretta i Bergen. Då var Marie Monsen 12 år gammal. Fleire føresåg allereie då at ho kom til å bli misjonær.

Under opphaldet hennar i England hadde ho mellom anna kontakt med China Inland Mission, som dreiv eit omfattande misjonsarbeid i Kina. Planen til Marie var å dra rett frå England til Kina, sommaren 1900, men då var boksaropprøret i Kina på det verste. Opprøret var mot kinesiske kristne og utanlandske misjonærar og mange tusen kinesarar og 230 misjonærar blei drepne. Derfor venta ho heller eit år med å dra til Kina, og underviste i staden på ungdomsskulen til Johannes Brandtzæg, som i tillegg, på den tida var leiar av kinamisjonsforbundet.

Kina 1901-1907[endre | endre wikiteksten]

Sommaren etter hadde situasjonen i Kina endra seg, så Marie Monsen blei innvigd som misjonær 31. august 1901. Ho drog, saman med to andre misjonærar, med båt til England. Så drog dei saman med rundt 20 andre vidare til Italia, der 20 nye misjonærar kom på båten. Dei nådde Hongkong 15. oktober 1901.

Ved det første møtet med kinesarane og Kina blei Marie Monsen forferda. I ettertid fortalde ho, beklagande, at ho følte vemming:

“ved tanken på å leve blant disse menneskene, som i begynnelsen gir det mest frastøtende inntrykk. Jeg følte det faktisk som en lettelse, når jeg, mellom disse slappe, umarkerte trekk, disse uttrykksløs, halvt skjulte øynene, disse illeluktende skitne mennesker, oppdaget en europeer. “[3]

Då ho kom til Kina drog Marie Monsen fyrst frå Hongkong til Shanghai, der ho blei verande i to månader. Så drog ho vidare til det endelege reisemålet, Laohekou.

Undervegs på reisa til Kina skjedde det noko som sette stort preg på Marie Monsen sin første periode i der. Dei to misjonærane som Marie drog frå Noreg saman med, var eit norsk misjonærpar som hadde vore i Kina sidan 1890, for eit par andre organisasjonar, men som var blitt teke opp av Kinamisjonsforbundet i 1899. Då båten deira var i England, byrja kona å skulda Marie Monsen for å «ha stjålet hennes manns hjerte». Ho fortsette å trakassera Marie under heile turen til Kina. Dette enda ikkje då dei kom til Kina, og Marie blei svært påverka av det. Det gjekk så langt at ho skreiv sitt eige oppseiingsbrev, utan å senda det. Ekteparet skulda Marie for å ha eit upassande forhold til ein forlova misjonær på ein misjonærkonferanse vinteren 1904. Marie blei frikjend, og ekteparet forlét til slutt Kinamisjonen i 1907.[4]

Den første tida Marie Monsen var i Laohekou dreiv ho mest med språkstudiar. Etter kort tid blei ho hardt angripen av malaria. Ho fekk behandling av lege og blei til slutt frisk igjen, men mista motivasjon og krefter. Det var ikkje før i juni 1902 at ho var skikkeleg restituert. Då bestemte ho seg for å prøva å få litt forandring for ein periode, og flytta til ein annan misjonsstasjon i Laohokow, lenger nord.

Litt over to år seinare var ho ferdig med språkstudiane, og snakka no flytande kinesisk. Då blei ho plassert på misjonsstasjonen Nanyang saman med eit anna norsk misjonsektepar, Olga og Olav Espegren. Marie brann for å arbeida blant jenter og kvinner, og stifta ein av dei mindre kjente jenteskulane sine i 1907 Ho prøvde òg å få i gang eit kvinnekurs, med lykkast ikkje i første omgang. I denne perioden utvikla Marie eit nært forhold til Espegren-ekteparet.

Mot slutten av denne første perioden hennar i Kina, byrja Marie Monsen å lengta etter ei vekking, og ho høyrde mykje om store vekkingar i Korea. Ho hadde svært yst til å dra dit for å oppleva desse vekkingane og ta med erfaringane heim igjen. Men ho måtte bli i Nanyang og venta på at vekkinga skulle komma til henne i staden. Ho fekk likevel vera med på ein stor misjonskonferanse i Shanghai i 1907, noko som påverka Marie Monsen og gav henne nytt mot då ho kom tilbake til Nanyang igjen. Seinare det året klarte ho å starta eit kvinnekurs, saman med den kinesiske bibelkvinna Tosao. Dei lærte opp bibelkvinner, ein metode for misjon som Marie Monsen var veldig opptatt av.

Kina 1907-1922[endre | endre wikiteksten]

Våren 1909 reiste Marie tilbake til Noreg for å ta ein pause i arbeidet. Ho var særs umotivert, og følte at alt ho hadde gjort i Kina så langt var bortkasta. Ho var ikkje lenger sikker på om ho ville dra tilbake til Kina i det heile. Men sommaren 1910 var ho med på ei stor verd misjonskonferanse i Edinburgh som gav henne ny motivasjon, og ho bestemte seg for å dra tilbake til Kina. Reisa blei likevel utsett til 1913 på grunn av den kinesiske revolusjonen.

Då ho kom tilbake Nanyang etter den kinesiske revolusjonen, stifta ho ein stor jenteskule, med pengar som ho hadde fått frå misjonsvennar i Seattle i USA. Skulen heitte Concordia og blei grunnlagd i 1915. Han romma 70 elevar, delt inn i tre forskjellige klassar.  I tillegg fortsette ho med bibelkvinnekurs.

25. januar 1918 opplevde Marie noko avgjerande for framtida si som misjonær. Ho opplevde noko ho kalla Åndens dåp. Dette skreiv ho i eit brev til Johannes Brandtzæg: «Den 25. januar kunne jeg i troens fulle forvissning kreve min rett i Kristus Jesus: Åndens dåp. Kjente meg bønnhørt. Dette er det som Bergfjord kaller helliggjørelsen» (Bergfjord var ein tidlegare medlem av Kinamisjonen).[5]

Marie Monsen fortsette livet sitt som misjonær, og var travelt opptatt med å vera rektor på den nye jenteskulen Concordia. I 1923 drog ho igjen tilbake til Noreg på ferie, denne gongen berre i eit halvt år. Marie budde då i heimen til foreldra, men var òg på ein del talaroppdrag.

Kina 1922-1932[endre | endre wikiteksten]

12. november 1924 vendte Marie Monsen tilbake til Kina. Då ho kom fram til Kina, sa ho bestemt ifrå til leiinga av Kinamisjonen om at ho frå no av ikkje ville motta lønn. Ho hadde lese i biografiar om Hudson Taylor og George Müller om Guds leiing (Guds leiing går ut på at ein stoler på at Gud skal skaffa alt ein treng for å overleva).[6] Ho blei sjølv overtydd om at Gud ville leia henne, og ho ville ikkje vera avhengig av menneske og organisasjonar, berre av Gud.

Hausten 1926 var det mykje uro i Kina og det var mange farlege røvarbandar som herja. Mange misjonærar blei sende til Noreg igjen på ferie, medan andre blei sende til Shanghai for å avventa situasjonen. Marie Monsen reiste vidare til Sør-Mandsjuria for å fortsetja misjonsarbeidet på ein stad med mindre uro. Ho følte seg fri til dette, sidan ho ikkje lenger mottok lønn frå Kinamisjonen. Dei fire åra etter dette drog ho rundt om i den nordlege delen av Kina, og det braut ut vekking der ho kom.

19. april 1929 skulle Marie Monsen ta båt over Gulehavet. Båten ho reiste med blei kapra av sjørøvarar, og fangenskapet ho kom i bidrog utvilsamt til det internasjonale ryet hennar. Monsen og dei andre passasjerane vart haldne til fange på båten i 23 dagar.[7] Ho oppførte seg kompromisslaust, bestemt og fryktlaust, og gjorde sterkt inntrykk på både røvarane og dei andre på båten. Etterkvart slapp røvarane alle passasjerane frå båten fri, og historia om Marie Monsen i fangenskapet blei kjend over heile verda. Historia blei mellom anna trykt i Kina, USA, England, Sverige, Danmark, India og Nord-Afrika.[8]

Etter fire år som vekkingspredikant i Nord-Kina drog Marie Monsen tilbake til Kinamisjonen sitt felt i november 1931. Også der kom vekkinga med Marie Monsen, og mange misjonærar og kinesiske leiarar blei vekte og fornya.[9] Vekkinga spedde seg til andre byar og bygder. Møteverksemda hennar fortsette heilt til ho drog heim igjen til Noreg for godt den 25. mars 1932

Siste år i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Denne siste reisa hennar frå Kina gjekk via USA, mellom anna for å besøka søskena som hadde flytta dit mange år før. Då ho kom til Noreg sommaren 1932, flytta ho inn hjå foreldra, som no budde på Fana. Då var foreldra 85 og 82 år gamle. Systera til Marie, Kaia, hadde vore helsesvak og budd heime heile livet. Ho hadde tatt vare på foreldra heilt til då, men no var Kaia blitt så sjuk at ho ikkje kunne gjera det lenger. Derfor blei det Marie si oppgåve å sjå til foreldra og den sjuke søstera.

Sjølv om Marie alltid hadde vore veldig populær hos misjonsfolket hadde ho synspunkt som blei møtt med skepsis. Ikkje alle likte likestillingsarbeidet (og misjonsfeminismen) hennar eller den sterke posisjonen ho fekk hos misjonsfolket. I Kinamisjonsforbundet var det vanleg at kvinnelege misjonærar fekk tala på misjonsmøta, men dette var likevel tungt å bera for enkelte som var tilknytte forbundet. Motstanden toppa seg då ho tok gjendåp i 1935, truleg i Den frie evangeliske forsamling i Bergen, etter å ha slutta som misjonær. I spørsmålet om vassdåpen og åndsdåp var ho komen fram til overtydingar som avveik frå tradisjonell luthersk lære. Etter dette fekk ho ikkje mange oppdrag frå arbeidsgjevaren Norsk Luthersk Misjonssamband.Ho fortsette å jobba som forbedar og forfattar fram til ho døydde i 1962.

Heile den siste perioden då ho var i Noreg sende Marie brev til mange misjonærar og andre ho hadde møtt på reisene sine. Ho brukte òg dei siste åra sine til å skriva bøker om alle opplevingane sine som misjonær i Kina. Marie og Kaia Monsen budde saman til 1956, då Kaia flytta inn på Fredly aldersheim eit halvt år før ho døydde. Marie flytta òg inn på Fredly eit år etterpå, i juli 1956. Der budde ho heilt til ho døydde, i 1962.

Minnebauta på Solheim gravplass, reist i 2001 for Marie Monsen.

Minnebauta[endre | endre wikiteksten]

I 2001 blei det reist ein minnebautaSolheim kyrkjegard i Bergen til minne om Marie Monsen.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Alt er mulig for Gud
  • Bønnens makt
  • Fredsengelen
  • Vekkelsen ble en Åndens aksjon
  • En hjelp i trengsel, 2002

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sandvik, Ove (22. august 2018). «Ove Sandvik: Marie Monsen – vekkerøst i Kina». Henta 18. september 2021. 
  2. Sandvik, Ove (22. august 2018). «Ove Sandvik: Marie Monsen – vekkerøst i Kina». Henta 17. september 2021. 
  3. Sandvik, Ove (22. august 2018). «Ove Sandvik: Marie Monsen – vekkerøst i Kina». Henta 17. september 2021. 
  4. Sandvik, Ove (22. august 2018). «Ove Sandvik: Marie Monsen – vekkerøst i Kina». Henta 19. september 2021. 
  5. Sandvik, Ove (22. august 2018). «Ove Sandvik: Marie Monsen – vekkerøst i Kina». Henta 17. september 2021. 
  6. Sandvik, Ove (22. august 2018). «Ove Sandvik: Marie Monsen – vekkerøst i Kina». Henta 17. september 2021. 
  7. Marie Monsen: vekkerøst med kvinnebevissthet
  8. file:///media/fuse/drivefs-a58cc68bf1b31cfee4fbfd9c3f75bb9d/root/3719-%23%23default.genres.article%23%23-3052-1-2-20200604.pdf
  9. Sandvik, Ove (22. august 2018). «Ove Sandvik: Marie Monsen – vekkerøst i Kina». Henta 17. september 2021. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Olav Golf: Marie Monsen : kinamisjonær – bønnekjempe – kvinneaktivist, 2000
  • Valerie Griffiths: Not less than everything – norsk utgave: Guds kvinner i Kina : Marie Monsen og kvinnene som ofret alt for evangeliet, 2006
  • Jakob Straume: Marie Monsen : en vekkerrøst, 1969
  • Asbjørn Aavik: Aks i modning

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]