Girl in Red

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Marie Ulven Ringheim)
Girl in Red

Fødd16. februar 1999 (25 år)
FødestadHorten kommune
FødenamnMarie Ulven Ringheim
AliasGirl in Red
OpphavNoreg
Aktiv2017–
Sjangerindiepop, lo-fi, bedroom pop, indierock, dream pop
Instrumentelektrisk gitar
Verka somsongar, songar-låtskrivar
PrisarP3 Gull for årets artist, Spellemannprisen for årets internasjonale suksess, Spellemannprisen for årets låtskriver, Årets spellemann, Spellemannprisen for årets utgivelse

Marie Ulven Ringheim, kjend under artistnamnet Girl in Red, (fødd 16. februar 1999) er ein norsk vokalist, gitarist og låtskrivar frå fødd 16. februar 1999 i Horten i Vestfold.

Ulven byrja i 2015 å spela inn sin eigen musikk frå soverommet sitt heime i Horten, og slo i 2018 gjennom med låten «I Wanna Be Your Girlfriend». Ulven vart kåra til «Årets Urørt» hausten 2019 og var nominert til P3 Gull 2019 i klassa for årets nykommer frå NRK Urørt og Spellemannprisen 2019 i klassene for årets gjennombrot og Gramostipend.[1][2][3] Under P3 Gull 2020 vann ho klassa for årets artist.[4]

Sidan 2015 har Ulven spelt på Slottsfjellfestivalen, Øyafestivalen og vore på turné i USA. Ho var òg på The New York Times si liste over den beste musikken utgjeven i 2018. I 2019 vart ho òg profilert av The New York Times.[5] Ulven vann Spellemannprisen 2020 i klassa årets internasjonale suksess og var i tillegg nominert i klassa årets musikkvideo for «Rue» regissert av Niels Windfeldt.[6][7]

Ulven gav ut sitt fyrste studioalbum, If I Could Maka It Go Quiet, den 30. april 2021. Albumet vart godt motteke av kritikarane, og debuterte på andreplass på den norske albumlista, og på sjuandeplass på den britiske albumlista.[8] For albumet vart ho nominert til Nordic Music Prize i 2021.[9]

Girl in Red i Los Angeles i september 2019.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Girl In Red er Årets Urørt!». 30. november 2018. Henta 24. november 2019. 
  2. «P3 Gull 2019». 13. november 2019. Henta 24. november 2019. 
  3. «Spellemannominasjoner 2019». 7. februar 2020. Henta 8. februar 2020. 
  4. «Vinnerne av P3 Gull 2020». 28. november 2020. Henta 29. november 2020. 
  5. Jon Caramanica (27. mars 2019): She’s Becoming the Gay Musical Role Model She Never Had. The New York Times
  6. «Dette er Spellemann-vinnerne». 16. april 2021. Henta 17. april 2021. 
  7. «Cezinando er nominert i fire kategoriar under Spellemannprisen 2020». 12. februar 2021. Henta 16. april 2021. 
  8. «Album 2021 uke 18». Henta 7. mai 2021. 
  9. «Her er årets nominasjoner til Nordic Music Prize». 24. september 2021. Henta 2. oktober 2021.