Marie Vassilieff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie Vassilieff

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Frankrike
Fødd 12. februar 1884
Smolensk
Død

14. mai 1957 (73 år)
Nogent-sur-Marne

Yrke kunstmålar, bilethoggar, scenograf, dukkemaker
Marie Vassilieff på Commons

Marie Vassilieff, opphavleg Marija Ivanovna Vasiljeva, (12. februar 188414. mai 1957) var ein russisk-fransk målar og bilethoggar. Ho vert halden for å vere den fyrste kvinnelege representanten for kubismen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Marija Vasiljeva var fødd i Smolensk. I 1902, medan ho studerte medisin i St. Petersburg, gav ho opp dette studiet og valde i staden å studere ved kunstakademiet. 1905 reiste ho til Paris og arbeidde som korrespondent for ei russisk avis. Samstundes var Vassilieff elev av impresjonisten Henri Matisse.

Tre år seinare grunnla ho Marie Vassilieffs Académie, der Nina Hamnett, Aleksandra Povòrina og Ossip Zadkin studerte. Innan kort tid gjorde ho seg kjend, og hadde omgang med mange av dei fremste kunstnarane som heldt til i byen. Mellom dei var Georges Braque, Fernand Léger, Jean Cocteau, Juan Gris, Pablo Picasso og Amedeo Modigliani. Vassilieff stilte regelmessig ut verka sine på Salon d'Automne og på Salon des Indépendants.

I åra mellom 1909 og 1914 la ho ut på fleire reiser til Skandinavia, Romania, Polen og Russland, for å samle ny inspirasjon til bileta sine. Gjennom den fyrste verdskrigen engasjerte ho seg sterkt for den franske Raudekrossen. Etter verdskrigen fylgde utstillingar i New York City og i London.

Kort før ho døydde i 1957 fann ei stor retrospektiv utstilling stad i Paris. Ho er representert med arbeid i fleire større kunsthistoriske museum, så som i Chicago, Grenoble, La Rochelle og Paris.

Vassilieff hadde ei tid eit nært forhold til den mexikanske målaren Diego Rivera. Ho døydde i Nogent-sur-Marne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Marie Vassilieff