Marielle Goitschel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marielle Goitschel
Marielle Goitschel (1968).jpg
Marielle Goitschel på veg mot OL-gull i slalåm i 1968
Fødd 28. september 1945
Sainte-Maxime
Marielle Goitschel på Commons

Marielle Goitschel (fødd 28. september 1945) er ein fransk tidlegare ski-alpinist frå Sainte-Maxime i departementet Var som vann fem VM-gull og to OL-gull i tida 1962-68.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

16 år gammal tok Goitschel sølvmedaljen i slalåm i VM i alpine greiner 1962, eit meisterskap som vart avvikla i Chamonix. Ho var nesten halvtanna sekund bak den suverene vinnaren, Marianne Jahn frå Austerrike, faktisk var Goitschel tidsmessig mykje nærare dobbeltvinnar Jahn i storslalåm, der Goitschel måtte nøye seg med ein fjerdeplass. Men samanlagt slalåm/utfor vart Goitschel verdsmeister.

Under Vinter-OL 1964 i Innsbruck vart Marielle Goitschel olympisk meister i storslalåm, med systera Christine Goitschel på delt sølvplass. I slalåm var rollene omsnudd, systera Christine vann gullmedaljen, Marielle sølvmedaljen. Under leikane i Innsbruck vann Marielle også kombinasjonen, og vart dermed kåra til verdsmeister i øvinga.

Marielle Goitschel vart midtpunktet under VM i alpine greiner 1966 i chilenske Portillo. Ho sikra seg gullmedaljar i både storslalåm, utfor og kombinasjonen, i si plasseringsmessig svakaste øving måtte ho nøye seg med sølvmedalje i slalåm. Gullmedaljen i utfor fekk ho tildelt først to år seinare, då det vart fastslått at den opphavlege vinnaren, austerrikske Erika Schinegger, var tvekjønna og eigentleg mann.

Goitschel vart nummer to i verdscupen i alpine greiner i 1967, den aller fyrste sesongen turneringa vart avvikla. I alt vann ho sju renn i dei to fyrste sesongane av verdscupen. Ho sikra seg pokalen som beste slalåmrennar i begge sesongane, samt pokalen som beste utforrennar i 1967.

Under Vinter-OL 1968 i Grenoble vart Goitschel olympisk meister i slalåm. Etter ho vart nummer åtte i OL-utforen, vann ho også kombinasjons-tevlinga og vart kåra til verdsmeister i kominasjons-øvinga for fjerde gong på rad. Ho la opp då OL-sesongen var over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar