Marifjøra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°22′55″N 7°18′20″E

Frå Marifjøra

Marifjøra er ei bygd i Luster kommune i Sogn og Fjordane på sørsida av Gaupnefjorden, ein arm av Lustrafjorden. Bygda ligg ved fylkesveg 603, ein sideveg frå fylkesveg 55 (Sognefjellsvegen). Tidlegare var Marifjøra handelsstad og marknadsplass, no er bygda fyrst og fremst turiststad. Ikkje langt frå Marifjøra ligg den rikt dekorerte Joranger kyrkje frå 1600-talet.

Namnet stammar frå norrønt Mareimsfjara, der fyrste ledd er sett saman av Mar og heim, av norrønt marr i tydinga 'hest' el. 'hav', siste ledd er 'fjøra'.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]