Marihøne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Marihøner)
Marihøne
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Biller Coleoptera
Underorden: Polyphaga
Overfamilie: Coccinelloidea
Familie: Marihøne Coccinellidae
Latreille, 1807
Fjortenprikka marihøne, Calvia quatuordecimguttata

Marihøner (Coccinellidae) er ein familie innan ordenen biller (Coleoptera). Over 5000 marihøneartar er kjende, men berre 54 av desse lever i Noreg.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Det er stor variasjon i fargar og mønster hos marihønene. Mange av dei har prikkar på dekkvengjene. Ulike artar har ulike fargar og ulikt tal prikkar. Det er ei myte at talet prikkar fortel kor gammal ei marihøne er, vanlegvis lever dei berre eitt år.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Nokre få marihøner lever av plantekost, men dei fleste er rovdyr, både som larvar og vaksne (imago). Dei et bladlus og andre plantesugarar. Marihøner er nyttige dyr, og er derfor nytta til biologisk kontroll av skadedyr på plantar.

Marihøner har fullstendig forvandling.

Vanlegvis er livssyklusen eitt år.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

I somme norske dialekter vert ho kalla marifly. I desse dialektene kan orda marihøne og marihane òg bli bruka om sommarfuglar. Marihønene har i mange språk namn knytt til Jomfru Maria eller Gud:[1]

  • svensk jungfru Maria höna
  • dansk Mariehøns
  • tysk Marienhänchen, Marienhuhn, Marienkälbchen, Marienkäfer, unsers lieben Herrn Hünchen
  • nederlandsk lieveheersbeestje
  • engelsk lady-fly, lady-bird, lady-cow
  • fransk bête à bon Dieu, vache à Dieu

Namnet er knytt til førestillingar i folketrua.

Systematisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

Marihøner er det norske namnet både på gruppa Coccinellidae og på gruppa Coccinellinae som er ei undergruppe av førstnemnde. Dette er i samsvar med forslag til norske namn på alle dei 296 familiane og underfamiliane til dei norske billene. [Ødegaard, o.a., 2004]

Systematikken følgjer Ottesen, 1993 (sjå kjelde).

Norske artar[endre | endre wikiteksten]

Sjuprikka marihøne (Coccinella septempunctata) på blad.

Nokre av dei norske artane er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ottesen, P.S. (red.) 1993 Norske Insektfamilier og deres artsantall. NINA utredning 055, 40 sider.
  • Ødegaard, Frode, o.a. 2004. Forslag til norske navn på familier og underfamilier av biller. Insekt-Nytt 29 (1/2) Norsk Entomologisk forening. s.27

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. * Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992 ISBN 82-90520-16-6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Marihøne
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Coccinellidae