Mariinskijballetten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olga Preobrajenskaja opptredde ved Mariinskijballetten

Mariinskijballetten er eit klassisk ballettensemble med hovudscene i Mariinskij-teateret i St. Petersburg i Russland. Balletten blei grunnlagd på 1700-talet.

I tsartiden hadde ensemblet namnet Den keisarlege balletten til Mariinskij-teateret, men 1935 blei han omdøypt til Kirovballetten etter den sovjetiske politikaren Sergej Kirov som var blitt drepen året før. Under turnear utanfor Russland blir ensemblet ofte marknadsført som Kirovballetten, sjølv om det det offisielle namnet har vore Sankt Petersburgs Mariinskij-ballett sidan 1991. Mariinskijballetten driv Vaganova ballettakademi, ein leiande internasjonal ballettskule.

Mange av fremste ballettdansarane i Russland var knytte til Mariinskijballetten, blant andre Olga Preobrajenskaja, Matilda Ksjesinskaja, Anna Pavlova, Tamara Karsavina, Vatslav Nizjinskij, George Balanchine, Lydia Lopokova, Galina Ulanova, ‎Marina Semjonova, Rudolf Nurejev, Mikhail Barysjnikov og Svetlana Zakharova.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Mariinskijballetten