Marija Abakumova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marija Abakumova

Marija Abakumova under VM 2011 i Daegu.
Foto: Erik van Leeuwen
Statsborgarskap Russland
Fødd 15. januar 1986 (38 år)
Stavropol
Yrke friidrettsutøvar, spydkastar
Språk russisk
Høgd 179 centimeter
Ektefelle Dmitrij Tarabin
Marija Abakumova på Commons

Marija Vasiljevna Abakumova (fødd 15. januar 1986) er ein russisk friidrettsutøvar frå Stavropol som tevlar i spydkasting. Ho vart verdsmeister i øvinga i 2011, og har elles vunne eitt OL-sølv og to VM-bronser i tida 2008-13.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Abakumova markerte seg internasjonalt i 2007 med personbeste på 64,38 m, før ho i sitt fyrste verdsmeisterskap, VM i Osaka, vart nummer sju med 61,43 m. Under Sommar-OL 2008 i Beijing imponerte ho stort og sette ny personleg rekord med 70,78 m, ein prestasjon som gjorde henne til sølvmedaljør. Barbora Špotáková frå Tsjekkia vann med 71,42 m. Ved friidretts-VM 2009 i Berlin kasta Abakumova 68,92 m i kvalifiseringa, men i finalen stoppa ho på 66,06 m, eit resultat som heldt til bronsemedalje.

Høgdepunktet for Abakumova på idrettsbana kom i Daegu 2011. Her vann ho gulllmedaljen i VM i friidrett 2011, etter å ha kasta heile 71,99 m, ny landsrekord og meisterskapsrekord. Barbora Špotáková måtte ta til takke med sølv, trass i sterke 71,58 m. Før sommarleikane 2012 i London låg prestasjonane på eit lægre nivå enn dei føregåande sesongane, likevel var 59,34 m og ein tiandeplass svakare enn ein kunne ha forventa.

Tidleg i 2013-sesongen kasta Abakumova 69,34 m, men utover i sesongen enda ho på meir beskjedne lengder. I VM på heimebane, VM i friidrett 2013 i Moskva, fekk ho bronsemedaljen med 65,09 m, nær fire meter bak vinnaren, Christina Obergföll frå Tyskland. På tampen av sesongen passerte Abakumova 70-metersstreken med eit kast på 70,53 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]