Marija Basjkirtseva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marija Basjkirtseva

Fødenamn Марія Костянтинівна Башкирцева
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Frankrike
Fødd 23. november 1858
Havrontsi
Død

31. oktober 1884 (25 år)
Paris

Yrke kunstmålar, bilethoggar, dagbokskrivar, skribent, biograf, kunstnar
Sjanger portrett
Religion Ortodoks kristendom
Far Konstantin Pavlovitsj Basjkirtsev
Signatur
Marija Basjkirtseva på Commons

Marija Basjkirtseva (24. november 185831. oktober 1884) var ein russisk målar. Kunstverka hennar vert rekna for å høyre til naturalismen. Ho er i dag mest kjend for dagbøkene sine. Dei vart utgjevne i 1887 og oppnådde kultstatus mellom kvinner av hennar eigen generasjon. Bashkirtseff sitt liv har vore filma fleire gonger, mellom anna i Italia med skodespelaren Isa Miranda i hovudrolla.

Sjølvportrett med palett, 1880

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

I atelieret, 1881, som skildrar undervisninga for kvinnelege elevar på Académie Julian i Paris, der ho var elev i si tid.

Ho vart fødd som Maria Basjkirtseva i Gavrontsij ved Poltava (i dagens Ukraina). Basjkirtseva stamma frå to rike, sørrussiske landadelsfamiliar; Babanin og Basjkirtsev. Kort etter dei hadde sett to born til verda, skilde foreldra seg. Marie voks opp saman med mor si på godset til besteforeldra. Etter opphald i Wien, Baden-Baden, Genève og Paris åra 1870-72 slo mora, besteforeldra og ei tante seg ned i Nice. Der byrja unge Marie å føre dagbok.

'Møtet', 1884

Ei liding i strupehovudet forpurra planane hennar om å verte songarinne og skodespelar. Også gifteplanane med ein adelsmann frå Roma stranda. Marie overtala familien sin til å flytte til Paris, der ho ville studere målarkunst. Etter to års utdanning på Academie Julien, som aksepterte kvinnelege studentar og med Tony Robert-Fleury til lærar, slo ho seg saman med målaren Jules Bastien-Lepage som elev og venninne. Saman med mor si pleia ho han til han døydde. Basjkirtseva sjølv døydde av tuberkulose, kort tid etter Bastien-Lepage.

Basjkirtsevas best kjende bilete er I atelieret (1881) og Møtet (1884). Det fyrste viser målarkollegaer og henne sjølv framfor ein mannleg modell på Académie Julian i Paris, det andre syner nokre born i ei gate i ein fattig bydel. Mange av måleria etter Basjkirtseva vart øydelagde under 2. verdskrigen. I dag er verk frå hennar hand å sjå på kunstmuseum i St. Petersburg, Amsterdam, Paris og Nice.

Gravmonumentet over Basjkirtseva i Paris

Dagbøkene, som ho hadde ført til få dagar før ho døydde, vart gjevne ut i Frankrike i 1887. Mora hadde då nedkorta og sensurert ein del av dottera sine dagboksnotatar. Snart vart bøkene også publisert på mange språk. Heilt opp til dei seinare åra har nye opplag av dagbøkene kome ut. I si bok Buch der Frauen (1894) omtala Laura Marholm Basjkirtseva si dagbok som husbibel for unge kvinner av hennar tid.

Basjkirtseva døydde og vart gravlagd i Paris, på gravplassen Cimetière de Passy. Over grava vart reist eit stort atelierliknande monument, som i dag er erklært kulturminne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Marija Basjkirtseva