Marija Golubnitsjaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marija Golubnitsjaja
Statsborgarskap Russland
Fødd 24. februar 1924
Dubovka
Død

22. august 2015 (91 år)

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952

Utmerkingar

Ærestegnets orden

Marija Vasiljevna Golubnitsjaja (24. februar 192422. august 2015) var ein friidrettsutøvar frå landsbyen Dubovka i Sjpakovskij-distriktet i Stavropol kraj som representerte Sovjetunionen. Ho vart europameister i 80 meter hekk i 1954 i Bern og vann OL-sølv i øvinga i 1952.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Golubnitsjaja var aktiv i turnsport før ho bytta til friidrett. Her utmerkte ho seg i femkamp. Frå 1950 førebudde Sovjetunionen seg til å delta i olympiske leikar for fyrste gong. Under ein før-olympisk treningsleir vart det klart at Golubnitsjaja var den beste kvinnelege hekkeløparen i riket. Under dei olympiske sommarleikane 1952 i Helsinki tok ho sølvmedaljen i 80 meter hekk, to tidels sekund attom Shirley Strickland frå Australia som sette ny verdsrekord med 10,9 sekundar. I 1954 sprang Golubnitsjaja inn til gullmedalje i hekke-øvinga ved EM i Bern på tida 11,0. Under Sommar-OL 1956 i Melbourne hekta ho i finalen i ein hekk og enda opp på femteplassen.

Golubnitsjaja døydde i Moskva, der ho hadde budd sidan 1940-åra.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]