Marija Lasitskene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Marija Lasitskene
Mariya Lasitskene 2017 FBK-Games (cropped).jpg
Marija Lasitskene i 2017
Fødd 14. januar 1993
Prokhladnyj
Marija Lasitskene på Commons

Marija Aleksandrovna Kutsjina, sidan 2017 gift Lasitskene (fødd 14. januar 1993), er ein russisk hødeghoppar frå Prokhladnyj som vart verdsmeister i øvinga i 2015.

Kutsjina vann junior-EM 2011 i Tallinn då ho tok seg over 1,95 m. To år seinare vart ho nummer to i unversiaden i Kazan med 1,96 m, det same som vinnaren Kamila Stepaniuk stoppa på. I mars 2014 delte dei same to utøvarane sigeren under innandørs-VM i polske Sopot, Stepaniuk då under namnet Lićwinko. Dei hadde like mange hopp og riv i tevlinga og stoppa på 2,00 m, same høgda som bronsevinnar Ruth Beitia. Under friidretts-EM Zürich seinare på året enda derimot Kutsjina på andreplass med 1,99 m, medan Beitia samug seg over 2,01 m og vart europameister. Jamt over var likevel Kutsjina den beste kvinnelege høgdehopparen i 2014 og ho gjekk til topps i Diamantserien med siger i tre av dei sju DL-stemna.

I 2015 vann Kutsjina innandørs-EM og ho enda på andreplass i Diamantserien. Høgdepunktet kom då ho vann VM-tevlinga i Beijing framfor kroatiske Blanka Vlašić og med si eiga landskvinne Anna Tsjitsjerova på tredjeplass. Ale tre utøvarane sving seg over 2,01 meter, avgjerande for gullstriden vart det at Vlašić måtte ha to forsøk på 1,92 m og Tsjitsjerova ikkje tok 2,01 før enn i andre forsøk. Kutsjina fekk ikkje delta i Sommar-OL 2016, ettersom Russlands friidrettsøvarar var utestengde frå leikane.

Nygift som Marija Latskene hadde ho stor framgong i 2017-sesongen og sette personleg rekord med 2,06 meter då ho vann eit stemne i Diamantserien i Lausanne den 6. juli.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]