Marija Savinova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marija Savinova
Mariya Savinova Turin 2009.JPG
Fødd 13. august 1985
Tsjeljabinsk
Yrke mellomdistanseløper, friidrettsutøvar
Marija Savinova på Commons
Marija Savinova under Sommar-OL 2012 i London

Marija Sergejevna Savinova[a] (fødd 13. august 1985) er ein russisk mellomdistanseløpar frå Tsjeljabinsk som vann gullmedaljen på 800 meter under EM i friidrett 2010, VM i friidrett 2011 og Sommar-OL 2012.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Savinova fekk sitt internasjonale gjennombrot i 2009. Ho vann då 800 m under innandørs-EM og vart nummer fem under friidretts-VM i Berlin. Dessutan vart ho russisk meister på distansen.

I 2010 sigra Savinova på 800 m ved friidretts-EM i Barcelona på tida 1,58,22, nederlandske Yvonne Hak tok sølv på 1.58,55. Savinova imponerte stort då ho vart verdsmeister på 800 m i Daegu i 2011. Med personleg rekord og årsbeste i verda på 1.55,87 sekundar, viste ho sørafrikanske Caster Semenya til sølvplassen. Under sommarleikane i London 2012 vart det eit nytt oppgjer mellom dei same to løparane, her vann Savinova ein klar siger med over eitt sekunds margin. Vinnartida 1.56,19 var årsbeste i verda.

Savinova tok sølvmedaljen på spesialdistansen under VM i friidrett 2013 på heimebane i Moskva. Tida 1,57,80 var årsbeste for hennar del, Eunice Sum frå Kenya vann på personleg rekord 1.57,38.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Мария Сергеевна Савинова

Kjelder[endre | endre wikiteksten]