Marija Vergova-Petkova
Marija Vergova-Petkova | |
Statsborgarskap | Bulgaria |
Fødd | 3. november 1950 (72 år) Plovdiv |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Marija Dimitrova Vergova-Petkova (fødd 3. november 1950) er ein bulgarsk tidlegare diskoskastar frå Plovdiv. Ho vann sølvmedaljen i øvinga både under Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1980 og EM 1982 og bronsemedaljen i VM 1983.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Etter ha vorte nummer fire i sin internasjonale meisterskapsdebut i EM 1974, tok Marija Vergova andreplassen i diskoskastinga under dei olympiske sommarleikane i Montreal i 1976, einast Evelin Schlaak frå Aust-Tyskland kasta lengre. Den 13. juli 1980 i Sofia, straks føre Sommar-OL 1980 i Moskva, sette ho som Maria Vergova-Petkova ny verdsrekord med eit kast på 71,80 meter. I OL-finalen i Moskva eit par veker seinare vann ho OL-sølv nummer to, som i førre OL klart slått av austtyske Evelin Jahl, olympiameisteren sitt nye namn. Verdsrekorden stod elles i nesten tre år, til dess sovjetiske Galina Savinkova kasta 73,26 meter.
Under EM 1982 i Aten sikra Vergova-Petkova seg enno ein sølvmedalje, like framom Savinkova og 40 cm etter si eiga landskvinne Tsvetanka Khristova. Året vann Vergova-Petkova bronsemedaljen under verdsmeisterskapen i Helsinki, 2,5 meter bakom gullvinnar Martina Opitz og meteren bak sølvmedaljøren.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- EM 1974 i Roma: Nr 4 – 61,92 m
- OL 1976 i Montreal: Sølvmedalje – 67,30 m, bakom Evelin Schlaak (69,00 m)
- OL 1980 i Moskva: Sølvmedalje – 67,90 m, bakom Evelin Jahl (69,96 m)
- EM 1982 i Aten: Sølvmedalje – 67,94 m, bakom Tsvetanka Khristova (68,34 m)
- VM 1983 i Helsinki: Bronsemedalje – 66,44 m
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Mariya Vergova-Petkova» (på engelsk). olympedia.org. Henta 13. februar 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1950
- Bulgarske diskoskastarar
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Bulgaria
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1976
- Bulgarske deltakarar under sommar-OL 1976
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1980
- Bulgarske deltakarar under sommar-OL 1980
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980