Marillion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marillion

Marillion, 2009. V-H: Ian Mosley, Pete Trewavas, Steve Hogarth, Mark Kelly og Steve Rothery.
OpphavAylesbury i Buckinghamshire i England
Aktiv1979 til i dag
SjangerProgressiv rock, neo-progressiv rock, alternativ rock, poprock, akustisk rock
Tilknytte artistarFish, Steve Hogarth, How We Live, The Europeans, The Wishing Tree, Arena, Iris, Ian Mosley & Ben Castle, Transatlantic, Kino, Edison's Children
PlateselskapEMI, Capitol, Castle, Racket Records (Intact), IRS, Caroline, Sanctuary, Velvel/Koch, Edel, Liberty, Pony Canyon

Marillion er eit britisk rockeband, danna i Aylesbury i Buckinghamshire i England i 1979. Dei har gjeve ut 16 studioalbum sidan 1982 og har hatt to forskjellige periodar, ein med frontmannen Fish, som forlet bandet i 1988, og ein med erstattaren hans Steve Hogarth som kom inn tidleg i 1989. Dei fire albuma som vart gjevne ut med Fish selde bra og bandet hadde fleire hitsinglar, mellom anna den verdsomspennande hitten «Kayleigh» frå 1985.

Sjølv om bandet ikkje fekk store hitsinglar med Hogarth, vart det første albumet hans med bandet, Seasons End, ein hit, og albuma deira nådde generelt høg på salslistene i 1990-åra. Bandet gjort eit comeback på midten av 2000-talet,[1] og fekk den første hitsingelen sin i heimlandet med Hogarth.

Marillion har heile vegen ikkje vore særleg godt likt i musikkpressa, men har hatt ein sterk tilhengjarskare,[2] og vart av Classic Rock rangert på 38. plass på lista deira over dei 50 beste konsertartistane i 2008.[3]

Besetning og stilendringar[endre | endre wikiteksten]

Kjernen i bandet[4] med Steve Rothery (sologitar, og det einaste medlemmet som var med før Fish), Pete Trewavas (bass), Mark Kelly (tangentinstrument) og Ian Mosley (trommer) har ikkje endra seg sidan 1984. Bandet har hatt fleire hitar i Storbritannia og har seld kring 15 millionar album på verdsbasis.[5].

Musikken til Marillion har endra stil gjennom karrieren deira. Den opphavlege stilen deira (med Fish på vokal) er best skildra som gitar- og keyboarddominert progressiv rock eller «neo-prog», og vert stundom samanlikna med Gabriel-perioden til Genesis.[6][7]

I Nyar tid har stilen deira vorte samanlikna med Radiohead, Massive Attack, Keane, Crowded House, The Blue Nile og Talk Talk, sjølv om dei ikkje konsistent kan samanliknast med nokre av desse artistane.

Marillion var eit av dei første større banda i musikkindustrien[8] som såg potensialet i ha kontakt med tilhengjarane sine via Internett, noko dei byrja med kring 1996.[9] Bandet er òg kjend for å ha ein særs dedisert tilhengjarskare[8] (som ofte kallar seg sjølv 'Freaks'), noko som dels kjem av det tette bandet mellom gruppa og tilhengjarane på nettsida deira.[10].

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fish-perioden[endre | endre wikiteksten]

Marillion vart starta i 1979 som Silmarillion, etter J.R.R. Tolkien-boka Silmarillion, av Mick Pointer, Steve Rothery og andre. Dei spelte den første konserten sin i Berkhamsted Civic Centre i Hertfordshire den 1. mars 1980.[11]

Bandnamnet vart korta ned til Marillion i 1981[12] og samstundes kom Fish og bassist Diz Minnett med i bandet etter ei prøvespeling i Leyland Farm Studios i Buckinghamshire den 2. januar 1981. Rothery og klaverspelar Brian Jelliman utgjorde resten av den første besetninga. Den første konserten deira vart spelt i Red Lion Pub i Bicester i Oxfordshire, den 14. mars 1981. Mot slutten av 1981 hadde Kelly erstatta Jelliman, medan Trewavas hadde erstatta Minnett i 1982.

Den første innspelinga til Marillion var eit demo-lydband spelt inn av Les Payne i juli 1981 med tidlege versjonar av «He Knows You Know», «Garden Party» og «Charting the Single» med ein stil som reflekterte påverknadskjeldene til bandet, som Queen, tidleg Genesis, Pink Floyd, Van der Graaf Generator, Rush og Yes. Etter å ha spelt på Friday Rock Show vart dei signert av EMI. Dei gav ut den første singelen sin, «Market Square Heroes», i 1982.

Debutalbumet deira Script for a Jester's Tear kom ut året etter, i 1983. Under turneen etter albumet vart Mick Pointer sparka frå bandet. Det andre albumet Fugazi bygde vidare på det første med eit meir elektronisk lydbilete. I november 1984 gav Marillion ut det første konsertalbumet sitt, Real to Reel. Dette albumet nådde åttandeplassen på albumlista i Storbritannia.

Marillion med Fish (1986)

Det tredje og bestseljande albumet deira var Misplaced Childhood. Bandet gjekk bort frå stilen på dei førre albuma og lagde ein meir kommersiell stil. Den første singelen frå albumet, «Kayleigh», vart mykje spelt på britisk radio og nådde til slutt andreplassen på singellista i Storbritannia, medan albumet gjekk heilt til topps på albumlista. Albumet hamna på sjetteplass på lista til Kerrang! over årets album for 1985. «Kayleigh» gjekk òg opp til 74. plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista, den einaste gongen dei gjekk inn på denne lista.

Det fjerde studioalbumet deira, Clutching at Straws, heldt fram popstilen frå det førre albumet, men hadde òg mørkare element. Albumet selde godt og den første singelen frå albumet, «Incommunicado», nådde sjetteplassen i Storbritannia. Albumet hamna på sjetteplass på lista til Kerrang! over årets album for 1987. På grunn av dei omfattande turneane, som manageren deira tente langt betre på enn bandet sjølv, slutta Fish i bandet. Fish gav bandet eit ultimatum om å velje anten han sjølv eller manageren, og bandet valde då manageren. Fish har sidan starta ein solokarriere. Den siste konserten hans med bandet vart i Craigtoun Country Park den 23. juli 1988.[13]

Steve Hogarth-perioden[endre | endre wikiteksten]

Etter Fish forlet bandet, fann dei Steve Hogarth, tidlegare klaverspelar og stundom vokalist i The Europeans. Hogarth kom frå ein New Wave-bakgrunn i staden for progressiv rock og hadde faktisk aldri eigd eit Marillion-album før han vart med i bandet.[14] Det første albumet han medverka på var Seaons End, som bestod av songar som bandet alt hadde spelt inn demoversjonar av før Hogarth kom med i bandet. Han skreiv derimot tekstane til songane. Det andre albumet til Hogarth med bandet, Holidays In Eden, var det første han skreiv i lag med heile bandet. Albumet var det mest popaktige bandet spelte inn[15], men gjorde det likevel heller dårleg.

Holidays in Eden vart følgd opp med Brave, eit mørkt og komplekst konseptalbum. Dette var det første av mange Marillion-album som vart produsert av Dave Meegan. Albumet fekk god kritikk, men selde dårleg.

Det neste albumet, Afraid of Sunlight, vart det siste albumet til bandet på EMI. Nok ein gong selde albumet dårleg, på grunn av dårleg marknadsføring. Det er likevel eit av dei mest kritikarroste albuma til bandet og var med på lista til Q over dei 50 beste albuma i 1995.[16] Albumet vart følgd opp av ei rekkje album der Marillion prøvde å finne sin stad i musikkindustrien. This Strange Engine kom ut i 1997 med liten marknadsføring frå det nye selskapet deira Castle Records, og bandet hadde ikkje råd til å turnere i USA. Dei amerikanske tilhengjarane klarte derimot å samle inn kring $60 000 på nettet for å få bandet over.[17]

På det tiande albumet til bandet, Radiation, tok bandet ei ny retning, og tilhengjarane tok i mot det med blanda reaksjonar.[7] marillion.com kom ut året etter og heldt fram i same retninga. Bandet var framleis misnøgd med handsaminga plateselskapet gav dei. Bandet valde så eit radikalt eksperiment og bad tilhengjarane om hjelp til å få midlar til innspelinga av det neste albumet med å bestille det på førehand, sjølv før innspelinga hadde starta. Resultatet var over 12 000 førehandsbesetillingar som gav bandet nok pengar til å spele inn og gje ut Anoraknophobia i 2001.[18] Bandet klarte så å få ein avtale med EMI for å distribuere albumet. Albumet vart ein suksess og bandet klarte å finansiere det neste albumet på eiga hand, men valde å igjen søke støtte hos tilhengjarane for å få midlar til å marknadsføre det nye albumet. Denne gongen kom det inn 18 000 førehandsbestillingar.[19]

Marbles kom ut i 2004 med ein dobbel_CD som berre var tilgjengeleg på nettsida til Marillion - ein slags takk for hjelpa til dei over 18 000 tilhengjarane som førehandsbestilte. I tillegg vart namna til desse 18 000 trykte i plateomslaget.

Marillion in 2007, venstre til høgre: Steve Rothery, Steve Hogarth, Pete Trewavas (føre), Mark Kelly, Ian Mosley (bak)

Bandet gav ut «You're Gone» som den første singelen frå albumet, og denne nådde sjuandeplassen på singellista i Storbritannia, den første singelen deira på Topp 10 sidan «Incommunicado» i 1987. Den andre singelen frå albumet, «Don't Hurt Yourself», nådde 16. plass.

I april 2007 kom det fjortande albumet til Marillion ut, Somewhere Else, og dette var det første albumet deira på 10 år som nådde Topp 30 på albumlista i Storbritannia. I juli 2008 starta bandet ein konkurranse for tilhengjarane om å lage ein musikkvideo for singelen «Whatever is Wrong with You»", og poste han på YouTube. Premien til vinnaren var £5 000.[20][21]

Happiness Is the Road kom ut i oktober 2008. Albumet var det første som kunne lastast ned på førehand via P2P-nettverk frå bandet sjølv. Når ein prøvde å opne fila, fekk ein sjå ein video som forklarte kvifor bandet hadde gått denne vegen. Nedlastarane fekk så høve til å kjøpe albumet til ein brukar-definert pris eller velje å laste ned DRM-frie filer gratis, i byte mot epostadressa til brukaren. Bandet forklarte at dei ikkje støtta ulovleg nedlasting, men at dei forstod av musikken deira ville verte distribuert på denne måten uansett og ønskte å gjere det beste ut av situasjonen.[22]

2. oktober 2009 gav bandet ut eit akustisk album med nye arrangement av tidlegare songar (utanom ein ny song). Albumet heitte Less Is More. I september 2012 kjem det syttande studioalbumet til bandet, kalla Sounds That Can't Be Made. Delar av albumet vart spelt inn i Peter Gabriel sitt Real World Studios i 2011.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar
  • Steve Rothery – elektrisk gitar, akustisk gitar (1979 til i dag)
  • Mark Kelly – tangentinstrument, samplingar og effektar, korvokal, programmering (1981 til i dag)
  • Pete Trewavas – bassgitar, korvokal, gitar, samplingar og effektar (1982 til i dag)
  • Ian Mosley – trommer, perkusjon (1984 til i dag)
  • Steve Hogarth (aka "h") – solovokal, tekstar, tangentinstrument, gitar, perkusjon (1989 til i dag)
Tidlegare medlemmar
  • Mick Pointer – trommer (1979–1983)
  • Brian Jelliman – tangentinstrument (1979–1981)
  • Doug 'Rastus' Irvine – bassgitar, solovokal (1979–1980)
  • Fish (Derek W. Dick) – solovokal, tekstar, perkusjon (1981–1988)
  • Diz Minnitt – bassgitar (1981–1982)
  • Andy Ward – trommer, perkusjon (1983)
  • John Marter (aka Martyr) – trommer (1983)
  • Jonathan Mover – trommer (1983)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review of Marbles
  2. Allmusic review of Marbles Live
  3. 50 Best Live Acts of All Time (April 2008). Classic Rock Magazine. Henta 31. juli 2012.
  4. «Marillion lineup». Separatedout.com. Arkivert frå originalen 13. mars 2007. Henta 31. juli 2012. 
  5. «Marillion's official website». Marillion.com. Henta 31. juli 2012. 
  6. «MUSIC – Diskografi – Script for a Jester's Tear». marillion.com. 19 juni 1997. Arkivert frå originalen 18. juli 2011. Henta 31. juli 2012. 
  7. 7,0 7,1 «MUSIC – Diskografi – Radiation». marillion.com. 15 oktober 1998. Arkivert frå originalen 24. august 2011. Henta 31. juli 2012. 
  8. 8,0 8,1 Big George Webley. «Sound On Sound». Sound On Sound. Henta 31. juli 2012. 
  9. «Web Cottage Industry» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 9. august 2011. Henta 31. juli 2012. 
  10. «weekend Marillion convention website». Marillionweekend.com. Henta 31. juli 2012. 
  11. Mick Wall (1987). Market Square Heroes – The Authorised Story of Marillion. Sidgwick & Jackson Ltd. s. 28. ISBN 978-0-283-99426-5. 
  12. Marcelo Silveyra (2002). «Chapter 1 – Writing Down The Script». Season's End – The True Marillion Story. ProgFreaks.com. Arkivert frå originalen 4. juni 2008. Henta 31. juli 2012. 
  13. «Tour history 1988». Arkivert frå originalen 1. januar 2010. Henta 31. juli 2012. 
  14. Dave Ling (May 2001) Interview with Steve Hogarth Arkivert 2013-02-07 ved Wayback Machine. Classic Rock Magazine
  15. «MUSIC – Diskografi – Holidays in Eden». marillion.com. Arkivert frå originalen 8. juni 2011. Henta 31. juli 2012. 
  16. Q, februar 1996.
  17. «NEWS – Press Room – Anoraknophobia». marillion.com. Henta 31. juli 2012. 
  18. «MUSIC – Diskografi – Anoraknophobia». marillion.com. Arkivert frå originalen 8. juni 2011. Henta 31. juli 2012. 
  19. «MUSIC – Diskografi – Marbles». marillion.com. Arkivert frå originalen 7. november 2006. Henta 31. juli 2012. 
  20. «Marillion bringing Happiness to JB’s». Shropshire Star. 12 november 2008. Arkivert frå originalen 26. september 2012. Henta 31. juli 2012. 
  21. «Marillion – Whatever is Wrong with You? – Video Contest». 26 juli 2008. Arkivert frå originalen 28. juli 2012. Henta 31. juli 2012. 
  22. Marillion Press Release (2008-09-11) "Marillion Use P2P for Album Release" Anti Music

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]