Marilyn-topp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over marilyn-toppar på Dei britiske øyane

Marilyn er ei nemning brukt om fjell- eller andre toppar på Dei britiske øyane med ein primærfaktor, det vil seie høgd i tilhøve til terrenget omkring, på minst 150 meter (492 fot), uansett kor mange meter over havet toppen er. Namnet er eit ordspel på nemninga munro, som blir brukt om fjell i Skottland med høgd på minst 3000 fot (914,4 meter), og filmstjerna Marilyn Monroe.

Det var per 2007 identifisert 2007 marilyn-toppar på Dei britiske øyane, fordelt slik:

Lista vart først samla for Storbritannia i Alan Dawson-boka The Relative Hills of Britain, og blir stadig revidert sidan Ordnance Survey gir ut nye kart. Han vart utvida med marilyn-toppar på Irland i The Hewitts and Marilyns of Ireland av Clem Clements.

Ben Nevis er ein marilyn-topp.

Mange av dei høgaste britiske fjella er marilyn-toppar, mellom anna Ben Nevis, Scafell Pike og Snowdon. På den andre sida er det fleire store fjell, inkludert munroar og kjende fjell som Bowfell, Langdale Pikes og Carnedd Dafydd som ikkje er marilyn-toppar fordi dei ikkje har stor nok relativ høgde. Det er ikkje alle marilynar som er toppar i vanleg forstand. Blant anna ligg ein inne i byen Crowborough i East Sussex, medan Bishop Wilton Wold ligg langs hovudvegen A166. Ein finn òg nokre klipper i sjøen, som Stac Lee og Stac an Armin som høyrer til St Kilda utanfor kysten av Skottland.

I Skottland er marilyn-lista mindre viktig i høve til lister over toppar med stor absolutt høgd, som munro, corbett, graham og donald, sjølv om alle corbett- og graham-toppar og rundt to av tre munroar og halvparten av donaldar òg er marilyn-toppar.

Einskilde fjellvandrarar og klatrarar «samlar på» marilyn-toppar, og nokre radioamatørar har eit prosjekt der dei vil sende frå alle marilyn-toppar.[1] Ved slutten av 2009 hadde ingen klart å krysse ut alle på lista, men det finst dei som berre manglar to av dei. Årsaka er at desse siste toppane er særs vanskelege å nå; dei er staurar ute i sjøen som er verna som fuglereservat.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Summits on the Air». 2006. Henta 23. mars 2011. 
  2. Dawson, Alan (2007). «Marilyn Hall of Fame». Henta 23. mars 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]