Hopp til innhald

Marilyn French

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marilyn French
PseudonymMara Solwoska
StatsborgarskapUSA
Fødd21. november 1929
Brooklyn, New York by
Død

2. mai 2009 (79 år)
New York by

Yrkeromanforfattar, skribent, kvinnesaksforkjemper, samfunnskritiker, feminist
Medlem avPEN American Center, Inc.[*]
PrisarHarvard Centennial Medal

Marilyn French (21. november 19292. mai 2009) var ein amerikansk feministisk forfattar og doktor i litteratur.

Marilyn French vart fødd som Marilyn Edwards i Brooklyn som dotter av E. Charles Edwards og Isabel Hazz Edwards.

Marilyn French var ein akademisk feminist, som skreiv fleire bøker. Ho har uttalt My goal in life is to change the entire sosial and economic structure of Western civilization, to make it a feminist world, (Mitt mål i livet er å endra heile den sosiale og økonomiske strukturen i den vestlege verda, å gjera henne til ei feministisk verd)[1]

I 1950 vart Marilyn French gift med Robert M. French Jr. Med han fekk ho borna Robert og Jamie. Ekteskapet vart oppløyst i 1967.

Boka Kvinner (The Women's Room på engelsk), som kom ut i 1977, følgjer Miram frå ho er jente til eldre kvinne. Boka har kjønnspolitikk i fokus, og Mira opplever saman med veninnene sine å verta undertrykte i ei patriarkalsk verd.

I 1992 fekk Marilyn French konstatert kreft i matrøyret, og den uhyggelege beskjeden om at ho hadde berre månader att å leva, men likevel skreiv ho boka Season in Hell: A Memoir som er basert på opplevinga med sjukdomen.

Marilyn French døydde 2. mai 2009 på Manhattan i New York City, 79 år gamal. Dødsårsaka var hjartestans.