Marilyn Waring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marilyn Waring
MarilynWaring2012.jpg
Fødd7. oktober 1952
Ngaruawahia
NasjonalitetNew Zealand
Yrkepolitikar, skribent, universitetslærar, samfunnsøkonom, bonde, feminist
InstitusjonarUniversity of Waikato
Auckland University of Technology
Massey University
Alma materVictoria University of Wellington
University of Waikato

Marilyn Joy Waring (fødd 7. oktober 1952 i Ngaruawahia) er ein newzealandsk akademiker, feminist, forfattar og politikar, kjent som grunnleggjar av feministisk økonomi.

Waring har vore aktivist for kvinner sine menneskerettar og miljø. Ho var politikar og parlamentsmedlem for det konservative partiet på New Zealand, og var parlamentsmedlem frå 1975 til 1984. Her var ho mellom anna leiar for Finanskomiteen og medlem av utanrikskomiteen. Waring vart internasjonalt kjent i 1984 då ho utløyste parlamentsvalget det året gjennom å støtta Labour-opposisjonen sitt framlegg om atomvåpenfri sone rundt New Zealand.

Marilyn Waring er no professor i offentleg politikk ved AUT University. Ho var styremedlem i sentralbanken i New Zealand frå 2005 til 2009 og har jobba som ekspert for fleire FN-organisasjonar. Den mest kjende boka hennar er If Women Counted frå 1988.