Marianøkleblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Marinøkleblom)
Gå til: navigering, søk
Marinøkleblom
Marinøkleblom
Marinøkleblom
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Nøkleblomfamilien Primulaceae
Slekt: Primula
Art: Marinøkleblom P. veris
Vitskapleg namn
Primula veris
Frø frå marianøkleblom.

Marianøkleblom (Primula veris) er ei plante i nøkleblomfamilien. Ho blir også kalla marinøkkel, men dette kan også visa til ein bregneart.[1]

Marianøkleblom er utbreidd i Europa og Asia. Planta vert kring 15 cm høg og har dunhåra blad som med eitt går over i eit breitt vengkanta bladskaft. Blomsteren mørkgul i midten, om lag 1 cm brei. Ho blømer kring mai månad i bakkar og småskog, oftast på kalkrik grunn.

Planta veks vilt i Noreg frå søre Østfold nordover til Åmot og Trysil i Hedmark, Nord-Aurdal og Øyer i Oppland; langs kysten er ho vanleg nordover til Romsdalen og meir spreidd i Trøndelag. Ho finst også forvilla frå hagar nord til Finnmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]