Marina Kiehl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marina Kiehl i 2013

Marina Kiehl (fødd 12. januar 1965) er ein tysk tidlegare alpin skirennar frå München som vart olympisk meister i utfor under vinterleikane 1988 i Calgary.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo vart Kiehl nummer fem i storslalåm og kom på delt sjetteplass i utforrennet. Også i VM i alpine greiner 1985 i Bormio vart ho nummer fem i storslalåm. I alpin-VM 1987 i Crans-Montana enda ho på fjerdeplassen i utfor og sjetteplassen i storslalåm.

Kiehl vann sju renn i verdscupen frå mars 1984 til mars 1987, seks av sigrane kom i super-G. I 1985-sesongen gjekk ho til topps i storslalåmgreina av verdscupen i alpine greiner, trass i at ho vann berre eitt storslalåmrenn. Sesongen etter vann ho super-G-greina i verdscupen.

Høgdepunktet for Kiehl kom under dei olympiske vinterleikane 1988 i Calgary, der ho overraskande tok gullmedaljen i utfor, med stor margin til dei andre medaljørane, sveitsiske Brigitte Oertli og Karen Percy frå Canada.

Kiehl la bort konkurranseskia etter OL-sesongen 1988, 23 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar