Marine Le Pen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marine Le Pen
Le Pen, Marine-9586.jpg
Fødd 5. august 1968
Neuilly-sur-Seine
Marine Le Pen på Commons

Marine Le Pen (fødd 5. august 1968) er ein fransk advokat og politikar. Ho har vore leiar av det franske partiet Front National sidan januar 2011. Le Pen er den yngste av dei tre døtrene til Jean-Marie Le Pen, og tok over laiarvervet etter far sin, som hadde leidd partiet sidan det vart etablert i 1972.

Marine Le Pen er presidentkandidat for Front National under presidentvalet i Frankrike 2017. Ho fekk 21,4 prosent av røystene i første runde av valet og kom dermed vidare til den andre runden.[1] 23. april 2017 gjekk ho mellombels av som partileiar for å fokusere på presidentkandidaturen.[2]

Marine Le Pen har lang bakgrunn frå Front National. Ho vart medlem av partiet allereie som attenåring i 1986, og har hatt ei rekke verv før ho til slutt vart partileiar. Valet av Marine Le Pen som leiar av Front National representerte ein kontinuitet i politikken til partien, men Marine Le Pen skil seg likevel frå far sin på einskilde område, ikkje minst i framtoning. Ho har eit uttalt mål om å betre ryktet til partiet, om å modernisere det, gjere det mer stuereint og utvide fokus til å handle om meir enn innvandring og tryggleik. Samstundes forfektar ho dei same prinsippa og har same politiske plattform som føregjengaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]