Mario & Luigi: Partners in Time

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mario & Luigi: Partners in Time

Utviklar(ar)AlphaDream
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Produsent(ar)Shigeru Miyamoto
Design(ar)Hiroyuki Kubota
Chihiro Fujioka
Komponist(ar)Yoko Shimomura
SerieMario & Luigi
Plattform(er)Nintendo DS
UtgjevingNA: 28. november 2005
JP: 29. desember 2005
EU: 10. februar 2006
AUS: 10. februar 2006
SjangerRollespel
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI: 3+
CERO: A
ESRB: E
OFLC: G
MediumKort på 512 megabit
Stødde einingarRumble Pak
Nettstadhttp://www.nintendo.co.jp/ds/armj/
Del av serien Mario & Luigi⠀
Mario & Luigi: Superstar Saga · Mario & Luigi: Bowser's Inside Story

Mario & Luigi: Partners in Time (マリオ&ルイージRPG2 Mario & Luigi RPG 2x2) er eit rollespel utvikla av AlphaDream for Nintendo DS. Det vart gjeve ut i Nord-Amerika og Japan siste kvartal av 2005, og i Europa og Australia første kvartal året etter. Spelet er det femte i rekkja av Mario-rollespel og er oppfølgjar til Mario & Luigi: Superstar SagaGame Boy Advance. Oppfølgjaren til Partners in Time er Mario & Luigi: Bowser's Inside Story som kom i 2009 på Nintendo DS.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

Kampsystemet i Mario & Luigi: Partners in Time er likt det i føregangaren, der effekten frå åtak avhenger av at ein trykkjar på knappar på rette tidspunkt. Kampane er framleis bygde på turbaserte åtak frå Mario og Luigi, men desse to får no hjelp frå smårollingvariantane av seg sjølv. Brør-åtaka, som er åtak som vart utførte av Mario og Luigi i lag, er no blitt byta ut med diverse våpen som brørne kan nytta i kamp (en: Bros. Items). Desse våpna kan ein samla opp utanfor kampsekvensane. I likskap med brør-åtaka kan dei fire karakterane nytte brør-våpna samla for å påføre fiendar meir skade enn vanlege åtak. I utgangspunktet er det berre dei vaksne Mario-brørne som tek skade frå fiendar, men smårollingane blir sårbare når den tilhøyrande partnaren fell i kamp. Om smårollingane fell i kamp vil dette påverke kampen ved at nokre brør-våpen blir utilgjengelege og at ein ikkje kan forsvare seg med hamaren, då hamrar berre er nytta av smårollingane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]