Mario & Luigi: Bowser's Inside Story

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Mario & Luigi: Bowser's Inside Story
Utviklar(ar) AlphaDream
Utgjevar(ar) Nintendo
Plattform(er) Nintendo DS, Nintendo 3DS
Utgjeve JP: 11. februar 2009
NA: 14. september 2009
EU: 9. oktober 2009
Sjanger Rollespel
Spelemodus Einspelar

Mario & Luigi: Bowser's Inside Story er eit rollespel utvikla av AlphaDream og utgjeve av Nintendo til Nintendo DS i 2009. Det er det tredje spelet i Mario & Luigi-serien.

Handlinga i Bowser's Inside Story følgjer Mario og Luigi, som er blitt slukt av Bowser, erkefienden deira. Mariobrørne lærer å hjelpe Bowser, som ikkje er medveten om at dei er inni han, medan han kjempar mot Fawful som har teke kontroll over Mushroom Kingdom. Spelet fokuserer på samarbeidet til trioen, der dei spesifikke ferdigheitene til kvar enkelt må brukast for å løyse gåter som gjer at ein kjem vidare i spelet. I likskap med tidlegare spel i Mario & Luigi-serien har Bowser's Inside Story eit turbasert kampsystem som legg stor vekt på timing.[1]

Ei nyutgjeving av spelet med oppdatert grafikk og nytt innhald, titulert som Mario & Luigi: Bowser's Inside Story + Bowser Jr.'s Journey, er under utvikling til Nintendo 3DS.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]