Mario Balotelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mario Balotelli
Mario Balotelli OM.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Mario Barwuah Balotelli
Fødd 12. august 1990 (29 år)
Fødestad Palermo
Høgd 189 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Italia AC Milan
Nummer 45
Ungdomsklubbar
2001-2005
2006-2007
Italia AC Lumezzane
Italia Inter Milan
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2005-06
2007-10
2010-13
2013-
Italia AC Lumezzane
Italia Inter
Flag of England.svg Manchester City
Italia AC Milan
2 (0)
59 (20)
54 (20)
43 (26)
Landslag
2008-2010
2010-
Italia Italia U21
Italia Italia
16 (6)
30 (12)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 4. juni 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 4. juni 2014

Mario Barwuah Balotelli (fødd 12. august 1990 i PalermoSicilia) er ein italiensk fotballspelar som i 2014 spelar for AC Milan i Italia. Foreldra hans kom til Italia som innvandrarar frå Ghana, men sjølv er han fødd og oppvaksen i Italia.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Balotelli vart fødd som Mario Barwuah, men voks opp hjå fosterfamilien Balotelli og tok difor deira etternamn i tillegg. Familien Balotelli har aldri adoptert han, og difor vart han offisielt sett på som ein ghanesisk innvandrar fram til han fylte 18 år.

Mario Balotelli spelte for italienske klubbar fram til 2010, då han tok vart kjøpt av Manchester City. Han vart seriemeister i Italia med Inter i i 2008, 2009 og 2010 og vann den europeiske Meisterligaen i 2010. Med Balotelli på laget vann Manchester City Premier League i 2012, for fyrste gong på 44 år. Som fotballspelar har han fleire gonger vist mangel på disiplin under trenarane sine. Samtidig har han som farga spelar vorte utsett for mykje rasisme på fotballbana.

Som ghanesisk innvandrar fekk han ikkje lov til å spela på italienske ungdomslandslag for spelarar under 18. I 2008 kom han med på U21-landslaget, og i 2010 vart han inkludert i herrelandslaget for vaksne. Han gjorde ein svært god figur under EM i fotball 2012, der han vart ein av toppskårarane med tre mål. To av desse måla kom i semifinalen mot Tyskland den 28. juni, begge i fyrste omgang. Tyskland greidde aldri å koma inn att i kampen, men fekk eit mål på eit straffespark til slutt i andre omgang. Italia vann kampen 2-1.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]