Mario Draghi
Utsjånad
| Mario Draghi | |||
| | |||
| Fødd | 3. september 1947 (78 år) Roma | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Italia | ||
| Parti | Partilaus | ||
| Yrke | samfunnsøkonom, bankier, universitetslærar, politikar | ||
| Institusjonar | Universitetet i Firenze Harvard Kennedy School Verdsbanken Goldman Sachs Universitetet i Torino Universitetet i Padova Università degli Studi di Trento | ||
| Utdanna ved | Istituto Massimiliano Massimo La Sapienza Massachusetts Institute of Technology | ||
| Barn | Federica Draghi, Giacomo Draghi | ||
| Medlem | Group of Thirty Det pavelige akademi for samfunnsvitenskap | ||
| Føregangar | Giuseppe Conte | ||
| Etterfylgjar | Giorgia Meloni | ||
| Alle verv | |||
Mario Draghi (fødd 3. september 1947) er ein italiensk økonom. Han var Italia sin statsminister frå 13. februar 2021 til 22. oktober 2022.[1] Frå 2006 til 2011 var han leiar for den italienske nasjonalbanken, og var sentralbanksjef (president) i den europeiske sentralbanken frå 2011 til 2019.[2]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Draghi vaks opp i Roma, der faren hans arbeidde for Italia sin sentralbank. Etter at Draghi vart uteksaminert frå Universitetet i Roma, studerte han økonomi ved Massachusetts Institute of Technology i USA, der han fekk ein doktorgrad i 1976. I 1980-åra underviste han i økonomi ved Universitetet i Firenze og arbeidde for Verdsbanken i Washington, D.C.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Il Presidente» (på italiensk). Arkivert frå originalen 30. september 2022.
- ↑ «ZEIT ONLINE | Lesen Sie zeit.de mit Werbung oder im PUR-Abo. Sie haben die Wahl.», www.zeit.de, henta 30. september 2022
- ↑ «Mario Draghi» (på engelsk). Britannica. Henta 30. september 2022.