Mario Kart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mario Kart-serien)

Mario Kart er ein serie dataspel som er utvikla og gjevne ut av Nintendo. Spela i serien går ut på at kjende figurar frå Super Mario-universet køyrer om kapp i gokartar. Det første spelet i serien, Super Mario Kart, kom ut på Super Nintendo Entertainment System i 1992. Etter det har ei utgåve av spelet kome ut på dei fleste spelkonsollane frå Nintendo.

Spelmekanikkar[endre | endre wikiteksten]

I Mario Kart-serien tevlar ulike figurar i kappløp med gokartar. Opp til åtte deltakarar kan vere med i kvart kappløp, med unntak av Mario Kart Wii og Mario Kart 8, som støtter tolv deltakarar. Ein sentral mekanikk i serien er at deltakarane i kappløpet kan køyre inn i svevande boksar på banen for å skaffe seg ulike hjelpemiddel. Desse kan brukast for å kome seg raskare fram eller hindre framgangen til motstandarane.

Hjelpemidla ein kan bruke femner mellom anna soppar som kan brukast for å auke farten, skjelpaddeskal som kan kastast på motstandarar og bananskal som kan leggjast på banen som feller. Kva hjelpemiddel ein får av boksane er tilfeldig, og dei er som oftast påverka av korleis spelaren ligg an i kappløpet. Ein spelar som ligg langt bak vil som regel få betre hjelpemiddel enn dei som leier kappløpet, slik at det skal vere ein reell sjanse for å ta att den som ligg først. Kvar bane har som oftast tre løp, og den som først passerer målstreken nok gonger vinn reset.

Spel i serien[endre | endre wikiteksten]

Etter kvart som nye spel har kome ut i Mario Kart-serien, har kvar nye tittel introdusert nye element for å halde spelopplevinga ny og frisk. Endringane er som oftast nye hjelpemiddel, nye baner, og nye metodar å auke farten på. Til dømes introduserte Mario Kart 64 kappkøyring for fire spelarar (av di Nintendo 64 har utgangar for fire handkontrollar), Mario Kart: Double Dash!! innførte eit system med to resarar per fargreie og Mario Kart 7 gjorde det for første gong mogleg å tilpasse gokartane i større grad enn tidlegare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]