Mario Kart Tour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mario Kart Tour

Utviklar(ar)Nintendo EPD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørGoogle Play, App Store
Produsent(ar)Hideki Konno
SerieMario Kart
SpelmotorUnity
Plattform(er)Android, iOS
Utgjeving25. september 2019
SjangerRes
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
Nettstadhttps://mariokarttour.com/
Del av serien Mario Kart
←Mario Kart Arcade GP VR  ·

Mario Kart Tour er eit free-to-play-resarspel utvikla og utgjeve av Nintendo for iOS- og Android-einingar. Det vart annonsert i januar 2018 og utgjeve 25. september 2019 på App Store og Google Play. Den første veka etter lanseringa vart spelet lasta ned over 90 millionar gonger.[1]

Mario Kart Tour introduserer eit nytt format kalla turnear. Turneane er oppkalla etter verkelege byar (New York, Tokyo, osb.) eller sesongar (halloween, valentinsdagen, osb.) Kvar turné varer to veker, der spelarane kan fullføre 18 cupar og samle køyrarar, fargreier og glidefly som representerer temaet for turneen. Kvar cup består av tre laup og ei bonusutfordring på utvalde baner. Dei fleste laupa har to rundar, medan dei fleste bonusutfordringane må fullførast innan ein runde.

Spelet skil seg frå dei tradisjonelle spelemekanikkane i tidlegare Mario Kart-spel med at det primære føremålet er å sanke mest mogeleg poeng ved å utføre handlingar gjennom laupet. Poenga blir genererte når ein til dømes råkar konkurrentar med våpen, samlar myntar eller passerer mållinja. Kontrollane er òg forenkla samanlikna med andre Mario Kart-spel, mellom anna ved at akselerasjon og enkelte manøvrar blir utførte automatisk. Mario Kart Tour fører fleire element introduserte i tidlegare Mario Kart-spel vidare, som undervasskøyring og glideflyging frå Mario Kart 7 og karakter-eksklusive hjelpemiddel frå Mario Kart: Double Dash!!

I tillegg til baner frå tidlegare Mario Kart-spel, inkluderer Mario Kart Tour baner inspirert av verkelege byar, som London, Paris og Vancouver. Utvalet av tilgjengelege baner varierer mellom kvar turné. Spelet genererer inntekter ved at spelarar teiknar eit månadleg abonnement for å få føremoner, eller kjøper virtuell valuta som kan låse opp vilkårlege køyrarar, fargreier eller glidefly via eit gacha-system.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mario Kart Tour lastet ned over 90 millioner ganger». Gamer.no. 4. oktober 2019. Henta 24. februar 2019. 
  2. «Mario Kart Tour has £4.99 monthly subscription option». Eurogamer. 25. september 2019. Henta 24. februar 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]