Mario Monti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mario Monti
Mario Monti - Festival Economia 2013 (cropped 2).JPG
Fødd19. mars 1943 (79 år)
Varese i Lombardia
Statsborgar avItalia
PartiPartilaus
Yrkesamfunnsøkonom, politikar, universitetslærar, deltakar i internasjonale forum
InstitusjonarUniversità Commerciale Luigi Bocconi
Universitetet i Torino
Università degli Studi di Trento
Utdanna vedUniversità Commerciale Luigi Bocconi
Yale University
MedlemAccademia Nazionale dei Lincei
Den trilaterale kommisjon
Académie des sciences morales et politiques
VervStatsminister i Italia (frå 16. november 2011)

EU-kommissær for konkurranse
(15. september 1999–30. oktober 2004)

EU-kommissær for indre marknad og tenester
(18. januar 1995–15. september 1999)

Mario Monti (fødd 19. mars 1943) er ein italiensk økonom, politikar og tidlegare EU-kommissær som blei statsminister i Italia 16. november 2011. Han er òg livstidssenator i Det italienske senatet.[1]

Monti er utdanna økonom fra Bocconiuniversitetet i Milano, og studerte vidare ved Yale University under nobelprisvinnaren James Tobin. I 1971 blei han tilsett som professor ved Bocconiuniversitetet, og i 1989 blei han rektor ved universitetet. Frå 1995 til 2004 sat Monti som EU-kommissær, først med ansvar for den indre marknaden og seinare for konkurransespørsmål. Monti er rekna som ein forkjempar for den frie marknaden og kutting i offentlege utgifter, og er mellom anna kjend for arbeidet med å definera europeiske og internasjonale antitrust-standardar. I 2001 forhindra han fusjonen mellom General Electric og Honeywell, noko som var første gong Europakommisjonen stoppa ei samanslåing mellom to amerikanske selskap. Har har også sett i gang en prosess mot den monopolaktige stillinga til Microsoft.

13. november 2011 blei Monti beden om å danne ei ny regjering i Italia etter at Silvio Berlusconi trekte seg som statsminister.[2] Han gjekk inn i stillinga 16. november 2011.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Italy Prez names Mario Monti senator for life, Ibnlive.in.com, 10. mai 2011, arkivert frå originalen 2011-11-13, henta 12. november 2011 
  2. Vilde Helljesen (13. november 2011). «– Vi skal gi Italias barn håp !». NRK.