Marionett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marionettførar og marionettar av dyra frå fabelen mauren og grashoppa.

Marionett er ein spesiell type figurteaterdokke som har rørlege ledd og som blir styrt ovanfrå med snorer eller stavar, til forskjell frå til dømes handdokker eller skuggeteaterdokker. Marionettdokker er vanskelege å føra, men kan til gjengjeld røra seg meir realistisk og verka meir levande enn andre dokker.

I overført tyding kan ordet «marionett» òg brukast om ein person som ikkje har ein eigen vilje, men lèt seg styra og bruka av andre som er mektigare, altså med same tyding som det norske «nikkedokke». Ordet blir då ofte brukt i samansetningar som marionettregjering eller marionettregime.

Marionettar ved Lübecker Theaterfigurenmuseum.
I overført tyding kan marionett visa til ein person som bli styrt av andre. Bildet viser to amerikanske demonstrantar som protesterer mot Vietnamkrigen i 1967 ved å framstilla den amerikanske imperialismen som styrte det dåverande, proamerikanske regimet («marionetteregjeringa») i Saigon.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «marionett» kjem av det franske Marionette, det vil seia «Vesle Marion», eit namn på den unge jomfru Maria framstilt ved hjelp av dokker i fleire populære kyrkjespel i Frankrike i mellomalderen.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Marionetteteateret har lange tradisjonar innan dokketeaterkunst, men hadde glanstida si på 1800-talet, særleg i Mellom-Europa og Storbritannia. Ein kjend marionett er den italienske barnebokskikkelsen Pinocchio frå 1881.

I nyare tid har figurteateret tatt i bruk både marionettar, hand- og maskedokker saman med levande skodespelarar på scena i stykke både for barn og vaksne.

Det har vore fleire kjente dokke- og marionettmakarar, også biletkunstnarar, særleg på 1900-talet og i Tsjekkia og Tyskland. Marionettar blir i dag òg selde som pyntegjenstander og leiketøy.

Marionetteater har ikkje vore vanleg i Noreg, men Birgit Strøm sin marionettfigur Titten Tei blei svært populær og kjend i heile landet då han opptredde i tv-program for barn og vaksne på NRK frå 1971 til 1990.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]