Maristova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Maristova, òg kalla Maristuen, er ein turiststad i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Maristova ligg på 830 moh. ved E16 over Filefjell.[1] Maristova utgjer eit høgfjellsenter med campingplass, hyttar og anna.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Maristova er omtalt som sælehus (salustofa, herberge for vegfarende) i 1358, og er sannsynlegvis oppkalla etter den heilage Margareta av Antiokia («Margaretarstofa a Filefjelli»[2]), på same måte som Maridalen.[1]

Over Filefjell er ein gammal ferdselsveg mellom aust og vest, særleg for bøndene i Valdres som hadde si næraste hamn i Lærdal. Fjellstova Maristova vart truleg etablert så tidleg som kring 1300. Bøndene i Lærdal og Borgund hadde ansvar for vedlikehald av «landsvegen» gjennom Lærdal og dessutan skyssplikt både i dalen og på fjellet. For denne tunge plikta var dei lengje fritekne for militærteneste og hadde redusert skatt. I 1793 vart «Den bergenske hovudvegen» lagt over Hadeland, Valdres, Filefjell og til Lærdalsøyri, der var det båtskyss vidare til Gudvangen eller Bergen. Denne «Kongevegen 1793» var den fyrste kjørbare vegen mellom aust og vest.

Den eldste bygningen på Maristova er frå 1791, då det vart køyreveg over Filefjell, og er i dag privat museum.[2] Det fyrste hotellet i sveitserstil vart bygd i 1888 og utvida 1894. Maristuen Hotell vart totalskadd av brann 4. mai 1976, og eit nytt apartementshotell stod ferdig i 1978.[3]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Maristova». Store Norske Leksikon. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Maristova». nrk.no. 
  3. nrk.no om brannen på Maristuen 1976

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]