Hopp til innhald

Marit Bratberg Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marit Bratberg Lund
Personleg informasjon
Fødd 7. november 1997
Fødestad Ilseng
Posisjon Back
Klubbinformasjon
Noverande lag
Benfica
Nummer 5
2014–2020 Kolbotn 98 (15)
2021–2024 Brann 79 (26)
Landslag
År Lag Kampar
2012 Norge J15 3 (0)
2012–2013 Norge J16 10 (4)
2013–2014 Norge J17 (4)
2014–2016 Norge J19 25 (6)
2015–2021 Norge U23 15 (4)
2022– Norge (1)
‡ Landslagsmål oppdatert 27. juni 2025

Marit Bratberg Lund (fødd 7. november 1997) er ein norsk fotballspelar frå Ilseng i Stange, som spelar for den portugisiske klubben SL Benfica og det norske landslaget.

Klubbkarriere

[endre | endre wikiteksten]

Fart (2013–2014)

[endre | endre wikiteksten]

I 2012 søkte Fotballaget Fart om dispensasjon til den då 14 år gamle Lund om å spele i Toppserien, fordi dei meinte ho var god nok trass i at ho var for ung.[1] Men NFF avslo førespurnaden.[1]

I 2013 spelte Lund for Fart i 1. divisjon, etter at dei hadde rykka ned frå Toppserien.[2] Fyrste halvdel av 2014-sesongen skåra ho seks mål på 12 kampar for Fart i 1. divisjon.[3]

Kolbotn (2014–2020)

[endre | endre wikiteksten]

I september 2014 signerte Lund for Kolbotn. Ho debuterte for Kolbotn og i Toppserien den 21. september 2014, i ein heimekamp mot Røa.[3][4]

Totalt spelte ho 98 kampar og skåra 15 mål for Kolbotn i Toppserien.[3]

Sandviken og Brann (2021–2024)

[endre | endre wikiteksten]

Den 17. desember 2020 signerte Lund for Sandviken.[5] I hennar fyrste sesong var ho med å vinne klubben sin fyrste seriemeisterskap. Med 13 målgjevande og 7 mål frå sin venstre vingbackposisjon var ho ein viktig bidragsytar til gullaget. Ho blei kåra til «årets spelar» i Toppserien 2021 både i den offisielle kåringa,[6] av NTB.[7] og under NISO Awards.[8]

Før cupfinalen 2021 mot Vålerenga, hadde Lund aldri bomma på eit straffespark i sin seniorkarriere, men ho bomma frå straffemerket i cupfinalen som Vålerenga vann 2–1.[9][10]

Før 2022-sesongen blei Sandviken ein del av Sportsklubben Brann; dette året vann Lund «The Double» med klubben.[11]

I 2023 blei Lund av TV 2 kåra til «årets forsvarsspelar» i Toppserien.[12]

Benfica (2024–)

[endre | endre wikiteksten]

Den 24. juli 2024 vart det kjent at Lund hadde signert for den regjerande portugisiske meisteren Benfica.[13][14]

Landslagskarriere

[endre | endre wikiteksten]

Lund har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.

I 2021 reagerte fleire fotballekspertar på at Lund ikkje fekk sjansen på A-landslaget, trass i at ho var blant dei beste spelarane i Toppserien.[15][16]

Lund blei tatt ut på det norske A-landslaget for fyrste gang i august 2022, i det som var den fyrste troppen til Hege Riise som landslagssjef.[17] Ho debuterte då ho startet VM-kvalifiseringskampen heime mot Albania, den 6. september 2022.[18] Lund blei tatt ut i sin fyrste meisterskapstropp med A-landslaget til VM i Australia og New Zealand 2023.[19]

  1. 1 2 «Fart føler seg lurt av NFF». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 2012-03-22. Henta 2023-12-13.
  2. Fotballforbund, Norges. «Marit Bratberg Lund - Statistikk». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 2023-12-13.
  3. 1 2 3 Fotballforbund, Norges. «Marit Bratberg Lund - Statistikk». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 2023-12-13.
  4. Persson, Stig (2014-09-21). «Dette kan være bronsejentene». Østlandets Blad (på norsk). Henta 2023-12-13.
  5. «Marit Bratberg Lund er klar for Sandviken 2021». Sandviken Toppfotball (på norsk bokmål). 2020-12-17. Arkivert frå originalen 2022-02-18. Henta 2022-02-18. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  6. «Marit Bratberg Lund ble årets spiller». www.bt.no (på norsk bokmål). Henta 2022-02-18.
  7. «Marit Bratberg Lund kåret til årets spiller i Toppserien | NTB». kommunikasjon.ntb.no (på norsk). Henta 2022-02-18.
  8. Kristensen, Thomas (2022-01-30). «NISO AWARDS: Årets spiller Toppserien - Marit Bratberg Lund». NISO (på norsk). Henta 2022-02-18.
  9. «Toppserieprofilen har aldri bommet på straffespark. Her deler hun hemmeligheten». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 2020-07-18. Henta 2023-12-13.
  10. «Den første bommen kom på det viktigste sparket». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 2021-10-31. Henta 2023-12-13.
  11. Lundsør, Einar (2022-11-05). «(+) Brann tok «The Double» – 17-åring kveldens store helt». Bergensavisen (på norsk). Henta 2023-12-13.
  12. Lie, Rasmus (2023-12-04). «Brann-spiller er årets forsvarsspiller i Toppserien». TV 2 (på norsk). Henta 2023-12-13.
  13. «Marit Lund reforça tetracampeãs!». www.slbenfica.pt (på portugisisk). Henta 2024-07-24.
  14. Tetlie, Lisa Amdam (2024-07-24). «Landslagsspiller klar for Benfica: – Stolt og takknemlig». VG (på norsk). Henta 2024-07-24.
  15. Hagen, Mathias (2021-11-10). «Sandviken-stjerne utelatt tross supersesong – det forstår ekspert lite av». NRK (på norsk bokmål). Henta 2022-09-06.
  16. Jacobsen, Pål (2021-07-28). «Eksperten mener Marit har det beste venstrebeinet i landet: – Bør få sjansen på landslaget». Hamar Arbeiderblad (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 2021-12-15. Henta 2022-09-06. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  17. Hjellen, Bjørnar (2022-08-23). «Riise vraker kjente landslagsprofiler i sin tropp: – Tungt å få den beskjeden». NRK (på norsk bokmål). Henta 2022-09-06.
  18. Fotballforbund, Norges. «Norge - Albania - 06.09.2022 18.30». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 2022-09-06.
  19. Fotballforbund, Norges. «Her er Norges VM-tropp». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 2023-08-05.