Marit Elisebet Totland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marit Elisebet Totland
Marit Elisebet Totland.JPG
Marit Elisebet Totland på Garborgsenteret
Fødd 1957
Yrke politikar, skribent

Marit Elisebet Høines Totland (fødd 1957) er ein norsk Krf-politikar og forfattar frå Skudenes. Ho var ordførar i Bømlo kommune frå 1995 til 1997, då ho fekk ny jobb som statssekretær i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i den første Bondevik-regjeringa. Ho var direktør ved Valen sjukehus frå 2001 til 2003, og var medlem av kommunestyret i Kvinnherad frå 2007 til 2015.

I 2004 gav Totland ut boka Blåstrømpe, ein historisk roman frå Skudenes på 1870-talet. Ho har òg skrive lokalhistoriske hefte frå Skudenes, lærebøker i kristendomskunnskap for grunnskulen og undervisningsmateriale for jubileet Kyrkja i Noreg tusen år. I 2014 kom Garborg og Skou - forskjell på folk?, ei bok om Arne Garborg og barndomsvennen Martin Johan Skou, taterguten som var modell for Carolus Magnus i romanen Fred.

I 2016 kom Totland ut med den historiske romanen Alt vel, som er ein frittståande oppfølgjar til Blåstrømpe.

Marit Elisebet Totland er mor til forfattar og journalist Anders Totland.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2016: Alt vel (Kapabel forlag)
  • 2014: Garborg og Skou - forskjell på folk? (Commentum forlag)
  • 2008: Husker du? (Nauthydlaren forlag)
  • 2004: Blåstrømpe (Nauthydlaren forlag)
  • 2001: Med handemakt og hestekraft. Rolf Høines forteller (Nauthydlaren forlag)
  • 2000: Svunne tider og og forsvunne hus. Rolf Høines forteller (Nauthydlaren forlag)
  • 2000: Mikkel rev, bamse brakar og Ole M.Totland. (Nauthydlaren forlag, i samarbeid med Ole Jakob Totland)
  • 1997: Spøk og alvor fra krig til fred. Rolf Høines forteller (Nauthydlaren forlag)
  • 1995: Pedagogisk materiell til alle landets førskular, barneskular, ungdomsskular og vidaregåande skular i samband med kyrkja sitt 1000-årsjubileum (Moster forlag)
  • 1991-1994: Kristendomsboka, 1-3, med lærerveiledning og arbeidsbok, saman med Toril Hansen, (Cappelen forlag)
    Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.