Marit Moum Aune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marit Moum Aune
Fødd 13. mai 1964
Yrke regissør

Marit Moum Aune (fødd 13. mai 1964) er ein norsk sceneinstruktør frå Trondheim. Aune starta den profesjonelle teaterkarrieren sin som dagleg leiar for Teaterhuset Avant Garden i Trondheim i 1985, 20 år gamal. På same tid sette ho opp fleire stykke som i Studentersamfundets Interne Teater, før ho i 1989 debuterte profesjonelt med Soldatens historie av Igor Stravinskij.

Aune har arbeidd innanfor fleire sjangrar, frå opera til standup. Men det er innanfor det dramatiske teaterfaget ho har fått mest merksemd. Ho har også arbeidd som produsent i NRK P3, regissør i NRK Radioteatret, tekstforfattar og som dramaturg ved Det Åpne Teater. Gjennom det mangeårige arbeidet sitt med dansaren Ingrid Lorentzen har ho også laga fleire danseframsyningar.

Ho har arbeidd ved fleire norske scener. Ved Det Norske Teatret har ho mellom anna sett opp Det e hardt å være mainn av Iren Reppen (1994), Bør Børson jr. (2001), og Få meg på, for faen! av Olaug Nilssen. Det mest kjende ho har gjort for Nationaltheatret er Genanse og verdighet av Dag Solstad (2000) og Pippi Langstrømpe (2005), og ved Rogaland Teater har ho mellom anna sett opp Skyfri Himmel med musikk av Bjørn Eidsvåg og tekst av Olaug Nilssen (2006). Aune har også iscenesett Stolt, hvit og vanskelig og Redd mann roper av og med Otto Jespersen. I tillegg har ho mellom anna sett opp stykke ved Riksteatret og Trøndelag Teater.

Aune har fått fleire prisar, mellom andre Den skandinaviske nasjonalteaterprisen i 2000 og Heddaprisen i 2001, begge i open klasse og for ideen og konseptet til framsyninga Genanse og verdighet. Ho er medlem av Norsk Kulturråd, der ho også er leiar av Formidlingsutvalget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]