Marit vassause

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Detalj av ein primstav med krossmerke for Marit vassause til venstre.

Marit vassause, òg kalla Marta vassause, er eit folkeleg namn på minnedagen for den heilage Margareta frå Antiokia, avmerkt på primstaven den 20. juli.

Margareta frå Antiokia framstilt på innsida av ei dør til eit altarskap saman med evangelisten Johannes. Dørene er no i Bergen Museum.

Primstavmerket er oftast eit hjul, som truleg viser til dødsmåten til Margareta. I folkeleg tradisjon vart hjulet omtydd til ei vassause. Vêret denne dagen vart halde som eit merke for vêret i resten av slåttonna eller for haustvêret. Nokre stader heiter det at Marit alltid har noko vatn i ausa si.

Det finst ikkje historisk dokumentasjon om den heilage Margareta, men ut frå legenda er det rekna med at ho lei martyrdøden i 290 under keisar Diokletian (284-305) i Antiokia i Pisidia (i dag ruinar nord for Yalvaç ved Aksehir i Tyrkia).

Tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

I Trondenes sa dei:

Fekk ho Marit Vassausa noe i vassausa si, vart det vondt å få høyet tørt den sommeren.

Dette kan ein tolka som at om det regna denne dagen, blei det ein våt haust, noko som truleg har samanheng med dei såkalla hundedagane. Norsk folkekalender oppgjev dette om dagen:

Da maa man ikke røre Aager og Eng,
thi sker det faar man intet godt deraf.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]